Hopp til innhold

Bjørn har herja ved fylkesgrensa

Det kan gå mot bjørnejakt i fylket etter at ein bjørn har herja berre nokre kilometer frå Tyinkrysset på Filefjell.

bjørn

NY BJØRNESOMMAR? Nok ein gong har ein bjørn trekt vestover. Illustrasjonsfoto

Foto: PER LØCHEN / Scanpix

Den siste tida skal tre til fire sauer vere teken av bjørnen i Øye i Vang kommune i Valdres.

Har fått fellingsløyve

Det er no uklart akkurat kvar bjørnen er.

Men ein bjørn kom i same rute - frå Valdres til Lærdal i fjor sommar, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn seier til bt.no.

Fylkesmannen i Oppland har no gitt fellingsløyve på bjørnen.

Har tatt sauer i Vang

Tre - fire sauer skal ha blitt tatt av bjørnen i Øye i Vang kommune i Valdres. Øye ligger berre nokre kilometer frå Tyinkrysset på Filefjell - nær fylkesgrensa til Sogn og Fjordane.

Så seint som sommaren 2008 var ein ung hannbjørn skoten på Vetlebreen i Fjærland etter ei intens bjørnejakt gjennom sommaren. Då hadde bønder både i Sogn og Sunnfjord lidd store tap i saueflokkane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.