Hopp til innhold

Biltur med promille og passasjer

Natt til veslejulaftan la den unge kvinna ut på vegen med promille. No må ho betale for seg.

Det var i 03-tida natt til veslejulaftan i fjor at kvinna sette seg bak rattet ein stad i Sogn. I bilen hadde ho med seg ein passasjer. Kvinna har sjølv tilstått forholdet.

Med bakgrunn i analyseresultatet frå Folkehelseinstituttet legg Fjordane tingrett til grunn at ho hadde ein promille på 1,23 under køyreturen.

Retten meiner det er straffeskjerpande at ho hadde med seg ein passasjer i bilen på turen som gjekk over ei kort strekning. Ifølgje rettspapira dreier det seg om ei strekning som tek rundt to minutt å køyre.

Det oppstod ingen trafikkfarlege situasjonar under turen, men køyring med promille i seg sjølv utgjer ein risiko, skriv retten i domspapira.

Det vanlege er at personar som køyrer bil med over 1,2 i promille skal straffast med bot og fengsel utan vilkår. Men etter ei samla vurdering, der retten også har vurdert kvinna sin helsetilstand, har dei funne at ho skal sleppe å sone.

Dei har dømt kvinna til 24 dagar fengsel med ei prøvetid på to år. Ho må betale ei bot på 12.000 kroner og må vere utan førarkort i 24 månader frå tidspunktet då politiet tok det frå ho.