Hopp til innhold

Misforståing førte til arrestasjon

Politiet arresterte i dag det dei trudde var ein biltjuv på Haugland i Os. Men bilen var ikkje stolen likevel.

Stelt bil i Os

SLETTES INGEN BILTJUV: Overraskinga var nok stor for sjåføren som vart stogga og arrestert av politiet i Os i ettermiddag.

Foto: Andris Hamre / Midtsiden.no

Det var i føremiddag at ein bil frå firmaet TS Storkjøkken vart meldt stolen frå danskebåten som la til kai i Bergen. GPS-sporing gjorde at firmaet kunne følgja bilen sine bevegelsar og politiet vart varsla.

Sportinga førte politiet til Haugland i Os, like før ferjekaien på Halhjem. Her vart sjåføren arrestert og tatt inn til avhøyr, skriv Bergensavisen.

Stor misforståing

Men saka tok raskt ein ny vending då sjåføren skulle forklara seg for politiet. Sjåføren viste seg å vera ein person frå Bergen Hamneservice, og slett ingen biltjuv.

– Me fekk telefon frå eit firma i Stavanger som driv med reparasjon av kjølesystem. Dei hadde ein mann om bord på danskebåten, som hadde fått beskjed om å parkera inne på båten med nøklane i, i tilfelle bilen måtte flyttast på, fortel operasjonsleiar Terje Erichsen i politiet.

Deretter sviktar kommunikasjonen totalt. Bilen vert henta i land av Bergen hamneservice, medan han som er om bord varslar firmaet sitt i Stavanger om at bilen er stolen.

– På kaien oppdagar dei at dei har ein bil for mykje og prøver å få kontakt med mannen om bord, men kommunikasjonen har ikkje vore god nok her.

– Vittig

Ein person frå Bergen Hamneservice set seg så i bilen og køyrer den sørover mot Stavanger. Den beskjeden har ikkje firmaet fått, som deler sporingsinformasjon med politiet.

Etter kort tid blir bilen stoppa i Halhjemsvegen.

– Sjåføren sa tidleg at dette måtte vera ein misforståing, men vi var jo nøydde til å sjekke opp i det, ler Erichsen.

Laster Twitter-innhold

– No er bilen på veg nedover til Stavanger igjen.