Uhellet vart meldt klokka 0720 av tilfeldig forbipasserande. Føraren, som var åleine i bilen, kom seg ut ved eiga hjelp. Årsaka til utforkøyringa er ukjend.
Gaular brannkorps var framme klokka 0738. Vegen er stengd under sløkkinga. Vegen vart opna att like før klokka 0830. Ifølge Statens vegvesen skal det også ha teke fyr i eit rør langs vegen.
– Det var gassutvikling grunna eit plastrøyr som går under vegen. Vegmeldingssentralen er varsla då det vart skade på stikkrenn som gjekk under E39, seier Olaug Holme, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Ifølgje alarmsentralen skal det vere litt bensinlekkasje. Bilberging er venta framme kring klokka 09.
– Vegen blir truleg stengd ein periode i samband med bilberging, men no er også politiet på staden og dirigerer trafikken, seier Holme.