Hopp til innhold

Betre for jordbærplukkarane

Arbeidsvilkåra har vorte betre for utanlandske jorbærplukkarar.

Janis Pètezons og Alexandres Tumbahs i åkeren til Kåre Hauge.

Latviske Janis Pètezons(t.v.) og Alexandres Tumbahs plukkar jordbær i åkeren til Kåre Hauge.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Det vart mykje bråk då det i fjor sommar kom fram at åtte av ti jordbærbønder ikkje hadde skikkeleg arbeidskontrakter med dei utanlandske arbeidarane sine. I tillegg skal fleire utanlanske jordbærplukkarar ha fått under 40 kroner dagen.

- I år ser det ut til at bærbøndene er i ferd med å ordne opp i problema frå i fjor, seier Pål Erdal i Arbeidstilsynet.

- Arbeidsvilkåra er mykje betre for dei utanlandske jordbærplukkarane.

Jordbær

Jordbær

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Har kontraktar

Jordbærbonde, Kåre Hauge, frå Vereide på Sandane viser oss rundt i leiligheita der seks av dei ni latviske jordbærplukkarane hans bur.

- Her har dei eige bad, kjøkken, stove og soverom, fortel han.

Kåre Hauge har fått på plass kontrakter for alle arbeidarane sine i år.

- I denne permen her har eg dokumenta til alle dei ni arbeidarane, seier Hauge og viser dei fram.

Betre løn

Tine Meierier kjøper bær hos fleire bringebærbønder i fylket. Fabrikksjef ved Tine Meieriet i Vik i Sogn, Aksel Njøsen, seier at dei betalar meir for bæra no enn tidlegare.

- Dette gjer me for at bærbøndene skal få råd til å betale plukkarane meir tariffløn, fortel han.

Trivst med arbeidet

Janis Petersons og Alexandres Tumbahs har komme inn etter dagens fyrste økt i jordbæråkeren.

Janis har både kone og barn som ventar i Latvia medan han er i Noreg for å tene pengar til familien. Til dagleg jobbar han i ein bank i Lativa, medan Alexandres jobbar i eit konditori. Men der tener dei ikkje nok til å kunne klare seg. Difor er dei svært glad for å få komme til Noreg for å tene fem-seks gongar månadsløna han har i Latvia.

- Me trivst, har ein veldig bra sjef, og det er flotte menneske i Noreg, seier dei glade bærplukkarane.