Hopp til innhold

Berga skip frå konkurs

Skuleskip fekk 1 million i drahjelp.

Skuleskipet Skulebas får ein million kroner frå fylkesutvalet for å unngå at skipet går konkurs.

Båten blir nytta til undervisning ved Måløy vidaregåande skule, men eigarselskapet har slite med underskot i ei årrekkje.

Og i går kveld valte altså fylkesutvalet å gje 1 million kroner i rentefritt lån, og å forlenge avtalen med skipet i eitt år.