Hopp til innhold

Ber staten om meir Dagmar-pengar

Orkanen Dagmar har kosta Sogn og Fjordane meir enn politikarane først trudde. No ber dei staten om meir pengar.

Ras sperrar fylkesveg 92 Arnafjorden i Vik

STORE ØYDELEGGINGAR: Fylkesveg 92 i Arnafjorden i Vik var blant vegane som fekk store skader etter uvêret. Eit stort ras sopa med seg delar av vegbana.

Foto: Grunde Engan

Romjulsorkanen Dagmar gjorde store skader langs vegane i fjordfylket sist vinter. Fleire stader var delar av vegane rett og slett vaska vekk og det å rydde opp har bokstavleg talt gjort innhogg i den fylkeskommunale lommeboka.

Tidlegare har politikarane bede om 97 millionar kroner for å dekke skadane. Men no syner ferske tal at det er skader for endå meir, og at det er behov for nær 105 millionar kroner.

Leiar Arnstein Menes i samferdsleutvalet ber staten bla opp meir pengar.

– Når det kjem slike ikkje føresette utgifter betyr det at vi må reduserer på drifta og andre prosjekt. Difor er det viktig at vi får ekstra middel når det skjer slike ikkje føresette ting, seier han til NRK.no.

Øydela for over 100 millionar kroner

Sogn og Fjordane vart hardt råka av stormen i romjula. Over heile fylket vart det gjort skader på fylkesvegnettet, der vegar var vaska vekk eller rasa ut. To månader etter orkanen frykta Vegvesenet at det var gjort skader på fylkesvegane for 117,9 millionar kroner.

Vel ein månad seinare var desse tala justerte ned til 96,9 millionar kroner, og Sogn og Fjordane fylkeskommune søkte då staten om å få dekka desse ekstrautgiftene. Staten svara med at dei ville spytte inn om lag 70 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegen til Flo er stengd etter fleire ras

STENGD AV RAS: Vegen til Flo vart stengd av fleire store ras andre juledag i fjor. Vegen fekk då store skader.

Foto: NRK

Lovar å vurdere søknaden

Men no har Vegvesenet igjen justert tala, og det viser seg at skadane på vegnettet kostar meir enn det dei opphavleg søkte om å få dekka. Skadane på fylkesvegnettet er no rekna til 105 millionar kroner.

Dermed blir kommunalminister Liv Signe Navarsete beden om å sende meir pengar til heimfylket.

– Dette er ikkje verken administrativt eller politisk handsama, så det må vi komme tilbake til, seier Navarsete.

– Men dette skal sjølvsagt vurderast på same måte som dei andre søknadene vi har liggjande.

Har trua på at dei får hjelp

Ministeren og hennar byråkratar skal no bruke ei stund på å bestemme seg. Partikollegaen i Sogn veit ikkje kva som blir utfallet denne gongen.

– Det er vanskeleg å seie. Men eg håpar at vi får gjennomslag, at dei ser fornufta og hjelper oss, seier Menes.