Tatiana Belik. Foto Heidi Lise Bakke NRK
16 år gamle Tatiana Belik frå Moldova er overvelda over støtta ho og storesøstra Olga har fått. Dei to jentene bur i Aurland, og der vil dei gjerne bli. Men styresmaktene meiner dei bør sendast tilbake til Moldova.
Ikkje medhald i tingretten
For nokre månader sidan stemna dei unge jentene Staten inn for Oslo Tingrett for saksbehandlingsfeil. Men retten gav dei ikkje medhald, retten meinte faren for tvangsprostitusjon i Moldova ikkje gav dei rett til opphald i Noreg.
I lagmannsretten i januar
No blir det ei ny runde i rettssystemet. I januar skal saka opp på ny i Borgarting lagmannsrett. Og dette hadde aldri gått utan dei innsamla pengane som kan dekke sakskostnadane. Målet om 250.000 kroner er no nådd.