Hopp til innhold

Begge Bø-brørne klare for VM

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø får vere med til VM i skiskyting.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø

REISER TIL VM: Både Johannes Thines Bø (t.v.) og Tarjei Bø er klare for VM i skiskyting.

Foto: Karl Kristan Langeland/Rune Fossum (Montasje) / NRK

Dei to reiser til kvart sitt meisterskap, men håpar begge å kome heim til Stryn med edelt metall i bagasjen.

Først ut er veslebror Johannes Thingnes Bø som reiser til junior-VM i Kontiolahti 20.– 26. februar. Veka etter er det storebror Tarjei Bø som skal i elden under VM i Rupholding 29. februar til 11. mars.

Thingnes Bø har hatt nok ein god sesong, og gjekk seinast i slutten av januar den avgjerande etappen då det norske mixedlaget vann junior-EM i skiskyting. Berre nokre dagar før gjekk han inn til bronsemedalje under jaktstarten.

For Tarjei Bø har sesongen så langt ikkje vore noko å skryte over. Etter at han vart sjuk i jula har det vore langt mellom oppturane, og i helga var det så vidt han fekk vere med i jaktstarten etter å ha gått inn til ein 59. plass på sprinten.

I fjor var Tarjei Bø den beste skiskytaren i verda med siger samanlagt i verdscupen, samt tre gull- og to bronsemedaljar under VM i Sibir. Det blir dermed svært spennande å sjå om han klarar å få ting til å klaffe, både i sporet og på standplass, før årets verdsmeisterskap.

Bø reiser saman med Lars Berger, Ole Einar Bjørndalen, Rune Brattsveen, Alexander Os og Emil Hegle Svendsen.