Hopp til innhold

Båt på grunn ved Bømlo

Ein fritidsbåt gjekk i ettermiddag på grunn ved Austnes utanfor Mosterhamn på Bømlo. Dei første meldingane gjekk på at båten tok inn vatn. Dei ombord bad om assistanse.

Både redningsskøyta og ambulansebåt var på veg, men er no dimittert. Mellom anna eit marinefartøy er på staden.

– Situasjonen er under kontroll. Båten tek ikkje inn vatn likevel, og det er ikkje fare for liv og helse, seier Andreas Ingsøy ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg.

Båten blir no trekt av grunn og får assistanse til kai.