Hopp til innhold

Båt med fisketuristar sokk i Hjeltefjorden

Ein båt med fisketuristar sokk måndag ettermiddag i Øygarden utanfor Bergen. Turistane som sat i båten vart redda. Det vart ikkje meldt om skadde.

Båten sokk i Hjeltefjorden mellom Herdla og Naturgassparken. Turistane som sat i båten vart redda.

– Det har nok blitt opplevd dramatisk for dei som har var midt oppi dette, seier brann og redningssjef Bjørn Olav Paulsen i Sotra brannvern.

Like etter klokka 17.00 fekk naudetatane melding om at ein fritidsbåt med fisketuristar var i ferd med å søkke i Øygarden-området, imellom Herdla og Naturgassparken i Rong.

– Det var tyske turistar som hadde fått problem med den eine av dei to båtane. Den tok inn vatn, seier Paulsen.

Full utrykking

Hovedredningssentralen Sør-Norge skreiv på X, tidlegare Twitter, at redningsskøyter og ein brannbåt rykka ut til området.

– Det var om å finne dei og hjelpe dei til lands igjen, seier Paulsen.

Klokka 17.57 melde politiet at alle personar skulle vere ute av fritidsbåten.

Ingen skadde

Turistane skal ha redda seg ved å kome seg over i den andre båten som ikkje tok inn vatn.

– Vi fekk ei klar melding, rykka ut på den, responderte, fann båten, heldigvis med alle vel om bord i den andre, seier Paulsen.

Brannbåten fekk lokalisert turistane. Dermed fekk naudetatane hjelpt turistane, og losa dei direkte til staden dei køyrde ut ifrå.

Årsaka til at båten skal ha tatt inn vatn er uklar. Båten skal ifølge Paulsen vere rundt tjue fot.

Det skal ikkje vere meldt om skadde.