Hopp til innhold

Her balanserer han over fossen

Etter å ha bomma på Kinnaklova i sommar, var det ein storveges nøgd Petter «Edderkopp» Aker som laurdag balanserte over Fatlafossen ved Sogndal.

Petter "Edderkopp" Aker på line over Fatleberget i Sogn

SJÅ: Petter «Edderkopp» Aker på line over Fatleberget. Foto/redigering: Sondre Dalaker, NRK / Håvard Nesbø

Med berre ei tynn line mellom seg og den frådande Fatlafossen, stod 21-åringen for kanskje det mest spektakulære stuntet under festivalen Fjell og Fjordmoro.

Line i Fatlaberget

HØGT: Petter Aker balanserer over Fatlafossen.

Foto: Håvard Nesbø / Sogn Avis

– Lina var eigentleg kjempefin og det var utruleg fin stad med fossen under. Heilt magisk, men det var eit helvete å komme seg opp. Skikkeleg steinur, bratt og steinete. Så eg er glad vi slapp å gå ned att same vegen som vi kom opp, fortel austlendingen.

– Ei rå oppleving

Spennet over fossen var på ti meter.

Ein femtedel av spennet over Kinnaklova som Aker og kameraten Eilif Rosnæs utfordra under «Våt Moro» i Florø tidlegare i sommar.

– Det var litt bommert. Eit alt for stort prosjekt, så då var det herleg å køyre dette prosjektet her. Men det var ei rå oppleving, seier Aker om opplevinga 70 meter over juvet til Kinnaklova.

(Artikkelen held fram under videoen)

Langt ut i havgapet, høgt over bakken, prøvde to unge menn seg på eit vågalt stund. 
Med berre ei tynn, tynn line under beina ville dei krysse Kinnaklova.

SJÅ TV-SAK: Linestunt i Kinnaklova.

Kutta seg i kneet

Line i Fatlaberget

BALANSERER: Petter Aker kom seg over Fatlafossen, men då han skulle snu fall han ned.

Foto: Håvard Nesbø / Sogn Avis

Stuntet i helga var av det spontane slaget. Etter å ha kryssa over fossen, ramla 21-åringen av lina og fekk seg eit kutt i kneet då han ramla i ein stein.

– Eg kjende meg trygg, men ramla på tur nummer to. Eg veit ikkje heilt kva som skjedde. Hadde eg berre gått på, så hadde det sikkert gått greitt. Men når du feiger ut, så blir det krasj, seier Aker som måtte ein rask tur innom legevakta for å sy kuttet.

– Det var veldig kult å komme over. Det var ei utruleg kjensle av fossen, litt vind og lyden av ordentleg buldring. Ei utruleg naturkjensle. Eit eventyr, oppsummerer 21-åringen stuntet i Sogn.

Line i Fatlaberget

UTFORDRAR: – Ein må ha litt spenning i kvardagen. Litt avveksling frå den vanlege ni til fire jobben. Ein må finne på noko anna innimellom, fortel Petter «Edderkopp» Aker om kvifor han driv med linebalanseringa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK