Hopp til innhold

Bærplukkarar blir utnytta grovt

Bærplukkarar i Sverige blir utnytta grovt. Bæra kan ha hamna i syltetøyet til Lerum i Sogndal.

Saft- og syltetøyprodusenten Lerum kan ha kjøpt bær som er plukka ved utnytting av utanlandsk arbeidskraft. Det skriv A-magasinet.

Lerum kjøper skogsbær av den svenske bærgiganten Polarica. Bæra vert plukka av asiatar som har betalt store summar for å komme til Sverige, men som ikkje klarar å plukke nok til å få løn med seg heim.

Sendt heim utan pengar

Lerum omsette i fjor for 445 millionar kroner. Ein del av denne omsetnaden kjem frå foredling av svenske skogsbær.

Laurdag vart 117 thailandske bærplukkarar sendt ut av Sverige. Dei hadde pantsatt hus og jord for å komme seg til skandinavia, men måtte returnere utan pengar.

Ein bakmann i Sverige er no anmeldt for bedrageri. Han er også mistenkt for å ha stukke av med lønna deira.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lerum i Sogndal

Lerum-fabrikken i Sogndal

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi visste ikkje om det

Av konkurransehensyn ønskjer viseadministrerande direktør i Lerum, Jan Petter Vadheim, først ikkje å oppgi namnet på bærleverandørane til magasinet.

– Har det stilt nokon krav til desse leverandørane om kva slags forhold arbeidarane skal plukke under?

– Vi forventer jo at dei følgjer lover og reglar som gjeld for Sverige, svarar han.

Han seier at han ikkje visste om slike tilstandar og at han forventar at svenske myndigheiter følgjer dette opp.