Hopp til innhold

Babyar i kø hjå kiropraktoren

Kolikk og andre plager hjå nyfødde er slitsamt for både born og foreldre. For Eirik Stokke Leirdal vart løysinga å gå til kiropraktor.

Behandling

TIL SJEKK: Eirik (seks månader) er til sjekk hjå kiropraktor Svein Kyrre Kollevåg med mor Therese Stokke som tilskodar.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Det er han ikkje åleine om. Kiropraktorsenteret i Førde har hatt ei kraftig auke på pasientar under to år dei siste åra, og meiner at ryktebørsen er årsaka.

– Det er få som blir tilviste oss frå lege eller helsestasjon. Eg vil oppmoda dei om å kome og sjå kva vi driv med her, seier leiar André Didriksen.

Tips frå vener

Eirik på seks månader tek ikkje mykje plass på den store benken. Kiropraktor Svein Kyrre Kollevåg sjekkar at alt framleis står bra til. Eirik, no seks månader, hadde si fyrste behandling berre ein månad gamal. Mora, Therese Stokke, hadde fått tips frå vener om at ein tur til kiropraktor kunne hjelpe mot plagene hans.

– Han var veldig uroleg og skreik mykje. Vi trudde det var kolikk, men det viste seg å vera problem med nakken som var årsaka, seier Therese Stokke.

Høyr heile saka her:

Nakkeproblem

Eirik fekk diagnosen KISS-syndrom, ein diagnose som blir brukt av kiropraktorar, men ikkje av legar. Eirik hadde blant anna låsningar i nakken og ryggen, noko som førte til stort ubehag. Foreldra merka betring allereie etter fyrste behandling, og sju behandlingar seinare vart Eirik erklært frisk.

– Han er mykje rolegare, skrik mykje mindre, og kan bevega seg til begge sider, seier Therese Stokke.

Saka fortsetter under bilete

Eirik (5 1/2) hjå kiropraktor

NAKKEPROBLEM: Eirik (6 mnd) har blitt ein ny unge etter behandling hjå kiropraktor.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Varsam behandling

I snitt må kvar baby ha tre behandlingar for å bli frisk, og Norsk Kiropraktorforening har sett ei nedre aldersgrense på tre veker. Behandlinga av born er meir varsam enn av vaksne. Kiropraktoren skal ikkje trykke hardare enn ein kan på sitt eige augeeple, men det kan vera ubehageleg for foreldre å sjå på.

– Dei er jo veldig forsiktige, men det kunne vera vondt å sjå på når han skreik og syns at rørsler var ubehageleg. Heldigvis gjekk det alltid over rett etterpå, og eg såg jo kor mykje betre han vart etterpå. Då er det verdt det, seier Therese Stokke.

LES OGSÅ: Alternativ behandling