Hopp til innhold

Gjev opp søket for natta

Politiet gjev opp leitinga etter den ustabile mannen som er sporlaust forsvunne i Erdalen i Stryn. Dei treng dagslys for å halde fram.

Politipatrulje Oppstryn

BEREDSKAP: Politifolk med leitehundar blir verande i området over natta. Men dei vil ikkje leite aktivt etter den sakna mannen i Erdalen i natt.

Foto: Arne Vik / NRK

– Vi har avslutta leitinga for kvelden, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved politisentralen i Florø.

Store styrkar har vore i aksjon både natt og dag, laurdag og søndag.

19 personar frå Raude Krossen, 7 politifolk, 6 hundar og eit redningshelikopter har vore med på leitinga. Men så langt har dei ikkje funne eit einaste spor etter mannen.

Fann bilen inst i Erdalen i Oppstryn

INGEN SPOR: Her i Erdalen fann politiet den stolne bilen. Mannen er sporlaust vekke.

Foto: Arne Vik / NRK

Politiet ønskjer tips

Mannen brukte kniv for å truge til seg ein bil laurdag ettermiddag. Med den stakk han av inn i dalen. Politiet har funne att bilen, men anar ikkje kvar mannen kan ha teke vegen.

Han skal vere psykisk ustabil og opprinneleg frå Rogaland. Han er tynn og omlag 180 centimeter høg.

  • Politiet ønskjer tips frå folk som kan ha sett noko, på telefon 02800.

- Uverkeleg at slikt skjer her

Dei kring 50 innbyggjarane i Erdalen er uroa over at mannen ikkje er blitt funnen.

– Det er litt uverkeleg at noko slikt skal skje i den trygge Erdalen. Vi er ikkje vant med eit slikt politioppbod som har vore her i helga, sa John-Magne Erdal til NRK.no tidlegare i dag.

Dei vart bedne av politiet om låse dørene til både hus og bilar laurdag kveld. Det er ikkje lenger naudsynt seier politiet no.

John-Magne Erdal

SKUMMELT: John-Magne Erdal og resten av dei kring 50 innbyggjarane i Erdalen synes politioppbodet i bygda er uverkeleg.

Foto: Privat

No avsluttar altså politiet leiteaksjonen for natta. Dei vil halde fram i morgon.

– Vi har gått gjennom heile Erdalen både i dag og i går. Det gjenstår nokre særskilt bratte områder som ein må har spesialutstyr for å gå i. Det vil vi gjere i morgon, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge.

Politifolk med hundar vil bli verande i området i beredskap over natta.