Hopp til innhold

Åtvara mot tjuvar på Facebook - i natt slo dei til

Natt til i dag blei det stole dekk for fleire tusen kroner frå Førde Vulk. For to dagar sidan blei det åtvara på Facebook mot dei same bilane som var inne på området til dekkforhandlaren.

skjermdump tjuvar

ÅTVARA: 26. juli blei det lagt ut dette biletet av to bilar medan dei stod parkert i Naustdal.

Foto: Facebook / Skjermdump

På overvakingsbileta til Førde Vulk er det tydeleg å sjå at det kjem ein kvit varebil inn på området. Det vert teke seks hjulsett, etter at kameraet også fangar inn at dei tidlegare på kvelden var på området og rekognoserte.

– Dei var innom ved halv elleve tida for å sjå seg om på området. Ein time seinare kom dei attende og stjal det dei tidlegare hadde observert, seier Ståle Kvammen ved Førde Vulk til avisa Firda.

No syner det seg at to dagar tidlegare blei det lagt ut eit bilete av den same varebilen på Facebook-gruppa "Kontroller i førdeområdet". Der vart det åtvara mot at det kunne vere tjuvar på ferde.

– Vi får legge hagla under senga, var ein av kommentarane til biletet...

NRK har vore i kontakt med politiet som ikkje ønskjer å kommentere at det blei lagt ut eit bilete av det som truleg er tjuvande sin bil alt fleire dagar før dei gjekk til aksjon på Førde Vulk.

Politiet ønskjer opplysningar i saka. Dei kan gjevast på telefon 02800 heile døgnet.