Hopp til innhold

Åtteåring fall av traktor

Ein åtte år gamal gut er frakta til Haukeland Universitetssykehus i Bergen etter ei traktorulukke ved Høyheimsvik i Luster.

Politi og luftambulanse rykte ut til staden. Ulukka skjedde i 14-tida. Skadeomfanget er førebels uvisst, men tilstanden er i følgje politiet alvorleg.

- Guten blir transportert til Haukeland, seier operasjonsleiar Dag Øyen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Guten var passasjer i traktoren då han fall av i fart. Ulukka skjedde på privat område i eit gardstun. Ingen andre køyrety var involvert i ulukka. Det er uvisst om guten er overkøyrd av traktoren.

- Til no har vi vore inne i ein fase der vi prøver å ta vare på pårørande og den skadde. Vi skal no kartlegge kva som har skjedd, seier Øyen.

Saka vert etterforska av lensmannskontoret i Luster.

Vi kjem attende med meir.