Politiet starta i 20-tida leiteaksjon etter asylsøkjaren som sist vart sett klokka 1715. Ein time seinare vart han funnen i nærområdet kring mottaket.
– Vi har akkurat fått stadfesta at han er funnen i live og skal få tilsyn av helsepersonell, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Florø.
Mottaket i Sørbøvåg er for einslege mindreårige og vart oppretta ved årsskiftet. Den sakna reiste frå mottaket i frustrasjon og tilsette ved mottaket vart uroa då dei sjølve ikkje fann han. Dei bad difor politiet om hjelp.
Mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshundar vart kalla ut.
– 15 personar frå Hyllestad Røde Kors, sju frå Høyanger og Vadheim og to personar frå Førde Røde Kors, samt ein ekvipasje frå Norske Redningshundar, har delteke i søket, seier Myklebust.