40-50 meter av vegen mellom Årdalstangen og Fodnes ferjekai er vekke. Politiet har i ettermiddag søkt gjennom rasområdet på riksveg 53 i Årdal, og seier det ikkje er grunn til å tru at noko har blitt tatt av raset.
Vegvesenet opplyser at dei skal inn med geolog for å sjå på raset tysdag.
Årdal kommune har i dag oppretta kriseberedskap etter at raset gjekk. Ordførar Arild Ingar Lægreid fryktar at vegen kan bli stengd lenge.
I ettermiddag gjekk det også ras ved Naustbukti mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Det er uvisst kor tid det raset blir opna, men det skjer ikkje i kveld.