Forskarane har framleis fleire spørsmål enn svar å gi i kampen mot den giftige sauesjukdomen alveld, som har ramma sauer både på kysten og på einskilde stade i innlandet. I 1996 daua det heile 6.000 lam av denne sjukdommen i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I helga oppdaga sauebonden Magnar Falkenstein i Vevring eit sjukt lam på beite, og i går oppdaga han fleire.
Midt på 90-talet gjorde Fureneset forskingsstasjon og forskar Carl Johan Erstad i Fjaler fleire lovande drivhusforsøk, der jord med romevokster vart tilsett store mengder kalk og fosfor. Dette reduserte levevilkåra for den giftige planta. Men i romeplanta sitt naturlege miljø har slike tiltak vore mislukka. Det viser forsøk gjort både i Solund og i Kalvåg, opplyser Arve Arstein ved forskingsstasjonen. Men forskarane ha ikkje gitt opp kampen mot den lumske planta som angrip levra hjå sauen og som påfører dyra store lidingar. Seniorforskar Arne Flåøyen
ved veterinærhøgskulen seier at dei har kartlagt giftstoffa.
Den viktigaste årsaka til at sauer på beite vert ramma av alveld er at dei et rome, ein liten plante som inneheld ei gift som gjev sterke allergiske reaksjonar dersom sauen vert utsett for sollys. Sjukdomen er svært smertefull, og i verste fall dødeleg, seier fylkesveterinær Bjørn Thorsson.
Veret den siste veka har ført til at romen blomstrar som aldri før, og Magnar Falkenstein meiner sauebønder i ytre strok må vere svært oppmerksame på saueflokkane sine no.