Hopp til innhold

Alkohol her blir framleis lov

Justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) sikrar at det ikkje blir forbode å drikke eigen alkohol på festivalcampar. Dette gjer han ved å la vurderingane bli gjort lokalt.

Festivalcampen

Alkohol kan framleis vere lov på festivalcampar. Justisminister Per-Willy Amundsen dytter vurderingane ned til lokalt politi.

Foto: Sigrid Heiberg

Han ber Politidirektoratet (POD) om å trekke brevet til politidistrikta om rammevilkåra for festivalarrangørar, melder NTB.

– Det inneber at Festival-Norge blir som før. Sunn fornuft tilseier at vurderingane av råmen rundt den enkelte festival blir gjort lokalt. Slik har det vore tidlegare, og slik blir det i framtida, seier Amundsen.

I brevet ber han POD trekke tilbake presiseringa deira, der dei tolkar alkohollova i skjerpande retning.

Alfred Bjørlo

NØGD: Alfred Bjørlo (V) er strålande nøgd.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er fantastisk

Det er fleire som er veldig glade for nyheita frå justisministeren. Arve Klepp driv Norsk Countrytreff på Breim i Nordfjord. Han jublar over snuoperasjonen.

– Dette er heilt avgjerande for at vi skal kunne drive festival. Eg hadde venta at det ville kome ei slik endring, for det er så mange som har vore i mot det, seier Klepp.

Ordførar i den store festivalkommunen Eid, Alfred Bjørlo (V), har vore bekymra for korleis lovendringa skulle slå ut. I kommunen hans held rockefestivalen Malakoff til.

– Dette er fantastiske nyheiter, og det viser at det er mogleg å nå fram når ein protesterer på tankelause vedtak frå Oslo, seier Bjørlo.

Per-Willy Amundsen Arendalsuka

SNUR: Justisministeren bryt inn, og snur vedtaket til politidirektoratet.

Foto: Torstein Bøe / NPK

Lokal politi skal kunne gripe inn

Amundsen legg no opp til at lokalt politi skal ha moglegheit til å gripe inn mot alkoholbruk på festivalcampar, dersom dei meiner det er naudsynt.

Klepp på countryfestivalen trur ikkje det blir eit stort problem.

– Eg reknar med at det blir slik det har vore, for vi har no hatt eit godt samarbeid med lokalt politi i mange år.

Justisministeren meiner heilt klart at det han kjem med i dag skal gjere at det blir mogleg å drikke eigen alkohol på festivalcampar, men han presiserer at lokalt politi skal kunne gjere vurderingar.

– Det er viktig at dei førebyggande tiltaka som er naudsynte blir gjort lokalt. Og vilkår som eventuelt bør påleggast arrangørane, må blir vurdert i det enkelte tilfelle, seier Amundsen.