Hopp til innhold

Aktivist avlyste sirkus i Lærdal

- Eg hadde ei frihelg og ville jobba for sirkusdyra, fortel plakatmakaren og dyrevernaren.

Nye sirkusplakatar i Lærdal

Plakatar med beskjed om at Cirkus Agora har avlyst er å sjå fleire stader i Lærdal.

Foto: Steinar Kvigne

Over natta kom det opp fleire sirkus-fiendtlege beskjedar på plakatane til Cirkus Agora i Lærdal. Bodskapen var at den planlagde oppsetjinga er avlyst, og grunnane varierte mellom kugalskap, skrapesjuke og at "elefantene lider".

Men kven det var som hadde hengt dei opp, framgjekk ikkje av plakatane.

Dyrebeskyttelsen tek avstand

Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane støttar ikkje sabotasjen av plakatane.

- Vi jobbar for at alle dyr skal ha det så bra som mogeleg mens dei lever, og vi gjer det på lovleg og sivilisert vis, skriv leiar Anita i Lida i ein e-post til NRK Sogn og Fjordane.

Dyrevernar har sans for aksjonen

Men tidlegare leiar Randi Aarethun i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane har stor sans for plakatane.

- Om det var meg – kva så?

- Var det deg?

- Nei, det var det ikkje. Men eg har sett dei sjølv og eg applauderer dei. Me må tydeleggjere kva det eigentleg er dei ser. Eg kan forstå at ungar vil på sirkus, men skal me som vaksne vere med på dette? Me som veit betre?

Vil ikkje røpa seg sjølv

Nye sirkusplakatar i Lærdal
Foto: Steinar Kvigne

Mannen som stod bak dei falske avlysingane vil ikkje stå fram med namn.

- Poenget var å setja fokus på handsaminga dyr får i sirkusa. Dei lever under uverdige forhold, og vert trente under uverdige forhold, seier han.

Mannen har vore oppteken av dyr sine rettar i mange år, og fekk ideen til dei falske plakatane heilt tilfeldig.

Reiste ut midt på natta

- Eg var på Lærdalsøyri fredagen, og såg sirkusfolka som hengte opp plakatar. Eg reiste heim og la planar, og reiste ut igjen midt på natta.

Mannen hengte opp ferdigtrykte plakatar frå eiga datamaskin med bodskap som "dyra lider", "avlyst på grunn av kugalskap" og "avlyst fordi elefantene lider".

- Eg hadde ei frihelg og kunne gjera ein innsats for dyra, oppsummer mannen enkelt, før han utdjuper:

- Sirkusdyra lever i containerar og vert frakta rundt store delar av åra. Der er dei fastlenka i kjettingar. Du kan jo sjølv tenka deg å stå slik i alle svingane til dømes på Vestlandet. Sjølv når dei står stille har dei dårleg plass, enten fastbundne eller i ein trang container.

Hadde gjerne betalt bot

- Hadde eg fått bot for dette, så hadde eg ikkje hatt dårleg samvit. Den hadde eg betalt med glede, seier mannen.

- Kvifor står du ikkje då fram med namn?

- Det er fordi dyra tener meir på at eg er anonym, fordi no kan eg hjelpa dei seinare.

- Det kan du vel uansett?

- Sogn og Fjordane er eit lite fylke og det bur ikkje så mange folk i bygdene. Difor fryktar eg å ikkje verta tatt seriøst seinare, seier mannen.

Får mindre besøkjande

Marknadssjef Jørn Kvist i Cirkus Agora seier slikt hærverk spelar inn på besøkstala.

- Det viktigaste for oss er å reinvaska vårt namn. Det er mykje uvitenhet når det gjeld dyrehaldet vårt.

- Melder de denne saka til politiet?

- Nei, det kjem me ikkje til å gjera. Me har eit ope syn på ytringsfridom, sjølv om me syns dette var litt voldsomt, seier Kvist.