Både representantar frå Nordfjordrådet og sjukehusaksjonen skal vere med på møtet med Ansgar Gabrielsen.
Delegasjonen skal også møte representantar frå sosialkomiteen på Stortinget.
– Målet med møtet er å fortelje sentrale politikarar kor viktig det er å oppretthalde Nordfjord sjukehus, seier Gloppen-ordførar Anders Ryssdal.