Hopp til innhold

- Det er godt å få gå litt i fred

Heime i Afrika vert ho gjenkjend kor enn ho går. På besøk i Førde er den afrikanske superstjerna glad ho får gå litt i fred.

Video ce62c254-abc5-47f0-a851-a60d698d1fe4.jpg

KJEND I AFRIKA: Kjend afrikansk songar er heller ukjend i Norge.

Torsdag gjekk startskotet for den 22. Førdefestivalen. Festivalen vert rekna som det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge og i år er det sterke kvinner som står i fokus.

Og kva er då meir naturleg enn å invitere kvinnelege superstjerner frå heile verda. Frå Mali kjem songaren Oumou Sangaré. Eit aldri så lite kupp.

- Sjølv i bilen blir kjem journalistane og fansen og kastar seg over meg, fortel Sangaré om pop-stjernestatusen ho har i Afrika.

Men skilnaden er stor frå kvardagen i Afrika og i vesle Førde langt unna heimlandet Mali. At nesten ingen kjenner ho att er ho nesten litt glad for.

- Det er godt å vere på ein plass der ikkje folk spring etter meg kor enn eg går, seier ei lattermild afrikansk superstjerne.