Hopp til innhold

"Flonaldo" gjer comeback

Milton Keynes Dons FC stadfestar fredag at Tore Andre Flo gjer comeback på fotballøya.

Tore Andre Flo

Tora Andre Flo frå tida i Vålerenga.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

35-åringen som la opp tidlegare i år , har signert kontrakt ut sesongen og blir dermed lagkamerat med tidlegare Chelsea-spelarar Roberto Di Matteo og Eddie Newton.

- Vi har alltid sett etter ein ny spiss med ulike spisskvalitetar. Tore har også ein del erfaring og vi vonar at han blir ein "hit", seier manager Di Matteo til klubben sine heimesider .

Håpar på mange mål

Tore Andre Flo hadde ikkje meir enn gjort ferdig "Skal vi danse"-finalen på TV2, før spekulasjonane byrja å rulle om at stryningen ville gjere comeback . Milton Keynes Dons stadfesta også at Flo har trena med klubben. Flo har 76 landskampar og 23 mål for Norge.

Tore Andre Flo si karriere

Klubb

Periode

Seriekampar

Mål

Cupkampar

Mål

Sogndal

2011-2012

22

2

1

0

Milton Keyne Dons

2008-2009

 2 (12)

0

 

 

Leeds

2007-2008

5 (18)

4

0

0

Vålerenga

2005-2007

13 (11)

4

0

0

Siena

2005

47 (16)

13

0

0

Sunderland

2002-2003

23 (6)

4

3 (1)

2

Rangers

2000-2002

44 (9)

29

7 (1)

5

Chelsea

1997-2000

59 (53)

34

13 (7)

4

Brann

1996-1997

40

28

7

5

Tromsø

1995-1996

26

18

5

5

Sogndal

1994-1995

44

21

6

8

Stryn

1992-1994

 

 

 

 

Ekspander/minimer faktaboks

- Eg vonar at han vil bidra med både erfaring og visjon, men til sjuande og sist så er han ein spiss så vi håpar at han vil score mange mål, seier manageren.

La opp i mars

Flo la opp i mars i år. Han hadde då vore gjennom ein tung periode med skadar i Leeds . Signala var då at han ville bli trenar .

LES OGSÅ: Ærleg Flo om langt fotballiv

Han trena i sommar med klubben som tidlegare var kjend som "Crazy Gang". No gjer han comeback på bana for Legaue 1-klubben. MK Dons er nummer fire på tabellen, to poeng bak leiande Scunthorpe. Flo & co møter i helga Walsall på bortebane.

SJÅ: Høgdepunkta frå Flo si karriere