Hopp til innhold

«Drillo» imponert over Hovland

Landslagssjef Egil «Drillo» Olsen er mektig imponert over førstereisgut Even Hovland (22).

Video Hovland imponerer Drillo

SJÅ: Intervju med Even Hovland og Egil «Drillo» Olsen.

Sogndalspelaren er yngste spelar i troppen framfor tysdagens EM-kvalifiseringskamp i fotball mot Kypros.

I trening med dei langt meir meriterte landslagsspelarane, har Even Hovland frå Vadheim imponert landslagssjefen.

– Han er veldig lovande. Har ingen tydelege svakheiter, er god deffensivt, god offensivt, god i lufta, har brukbar fart og eit enormt tilslag. Han er absolutt ein mann for framtida og kan nå langt, seier landslagssjef Egil Drillo Olsen til NRK.

Kan få debuten

22-åringen fekk sjansen då Brede Hangeland er ute med gule kort i oppgjeret mot Kypros. Hovland har storspelt for Sogndal i år, og både Molde og den engelske 1. divisjonsklubben Crystal Palace har meldt si interesse.

Danmark knuste fredag kveld Norge sin EM-draum då dei tukta kypriotane på bortebane. Det kan samstundes opne for at Hovland får sin landslagsdebut.

– Det han har vist på trening og dei to øktene vi har hatt, er positivt. Han konkurrerer med Kjetil og Demi om ein midtstopparplass, men det kan godt hende at han får sin debut, seier landslagssjefen.

Nøgd med to minuttar

Sjølv er den jordnære 22-åring budd på å sitte på benken når Norge møter Kypros på Ullevaal.

– Eg har ikkje store forhåpningar om speletid. Får eg eitt par minutt, så får eg vere nøgd med det, seier han til NRK og fortel han er godt motteken i landslagsvarmen. Han meiner å ha klart seg bra på trening.

– Det er klart at det er eit høgare nivå enn vi har i Sogndal, men det er kjekt å få vere med. Det er ein del av læringsprosessen vidare for utviklinga mi, seier han.

– Får sjå kva som skjer

Dei fleste tilknytt Sogndal er budd på at midtstoppartalentet reiser frå saftbygda etter sesongslutt. Om det blir Europa eller ein større norsk klubb er uvisst.

– Eg fokuserer på det eg skal gjere i Sogndal. Eg skal gjere ein god jobb der, så får vi sjå kva som skjer, seier Hovland og repeterer det han har sagt gjennom heile sesongen.

Han håpar A-landslagsspel vil gjere han meir ettertrakta som fotballspelar.

Håpar vil hjelpe

– Det er klart at det å bli teken med på A-landslaget til Norge er positivt i seg sjølv. Sjølvsagt håpar eg det vil hjelpe, men samstundes må eg prestere resten av sesongen, seier han.

Drillo vil ikkje meine noko som helst om Sogndal er blitt for liten klubb for Hovland, eller om han bør prøve lukka i ein større norsk klubb eller i utlandet.

– Det kjem an på kva tilbod han får. Det er ikkje slik at han kan velgje og vrake. Det kan vere at ein storklubb i Norge kan vere aktuelt, men det må han velgje sjølv, seier han.