Hopp til innhold

"Draup" til finalen

Stryne-jentene Randi-Merethe Roset og Liv-Jorun Bergset i gruppa "Draup" gjekk vidare til finalen i "Norske Talenter" fredag kveld.

Randi-Merethe Roset og Liv-Jorun Bergset
Foto: TV2

Erlend Bratland gjekk direkte til finalen, medan dommartrioen gav siste finalebillett til strynejentene.

Jentene spelar på glas, og dommar Mia Gundersen tykte det var magisk å høyre på. Også Thomas Gjertsen ville ha gruppa med vidare til finalen.

Den blir halden neste fredag, då må dei konkurrere med ni andre finalistar.

Randi-Merete er 24 år og bur no i Bergen, medan 23 år gamle Liv-Jorunn bur i Trondheim. Dei har spelt saman i nesten åtte år.

- Det er forskjellig tone i alle glass. Sjølv like glass i same serie kan ha forskjelleg tone. Dei glassa vi har no, har vi samla på i over eitt år, difor passar vi på dei som ein liten baby, seier jentene til TV2.