Hopp til innhold

«Dei har gjort Olden og Stryn til ein betre stad å bu»

Nokre menneske engasjerer seg så det merkast i kring dei. Ekteparet Johanna og Gunnar Nygjerd i Olden er slike menneske.

Gunnar Nygjerd og Johanna Nygjerd

AKTIVE: Gunnar og Johanna Nygjerd er aktive pensjonistar, og får no Kongens Fortjenestemedalje for deira store engasjement og påverknad gjennom lag og organisasjonar gjennom åra.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein dag i førre veke vart ekteparet Johanna og Gunnar Nygjerd svært så overraska. Utan førevarsel stod ordføraren i Stryn på trappa – med ordførarkjedet rundt halsen og Kongens fortenestemedalje til dei begge i hendene.

– Store og sterke ord

– Han sa «som de skjønar er eg ute i offisielt oppdrag, og eg kjem her med ei helsing frå kongen». Eg sa «drøymer vi? Er dette verkeleg? Det kan ikkje gjelde oss vel?» Det var nettopp det det gjorde, seier Johanna Nygjerd.

Johanna Nygjerd og Gunnar Nygjerd

ST. SUNNIVA: Johanna er frå Selje og har ein skulptur i hagen av St. Sunniva i hagen, berre ein av svært mange skulpturar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dei gifta seg i 1966, og har samarbeidd om dei fleste prosjekt. I dag er Johanna leiar i Stryn og Hornindal Pensjonistlag, Gunnar i Olden Eldrelag. Dei dreiv også asylmottaket på Olden.

I tildelinga står det at ekteparet har gjort Olden og Stryn til ein betre stad å bu.

– Det er veldig store og sterke ord. Men samstundes kan vi seie at samtlege som bur i bygdene våre i Norge, arbeider for at staden vår skal vere ein betre plass å bu. Vi ønskjer at desse bygdene skal bli ein betre plass å bu, seier Gunnar Nygjerd.

Johanna Nygjerd og Gunnar Nygjerd

INNKØYRSEL: I innkøyrselen til huset vert du møtt av skulpturar. Kunst har alltid vore viktig for ekteparet. Heile 90 skulpturar har dei i hagen, laga av Johanna.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi gir og vi får

Johanna var aktiv i politikken i 28 år, og sat mellom anna på fylkestinget. Gunnar har vore journalist for BT i Stryn i ei årrekke, og før det var han redaktør i Firda Tidend.

Ekteparet, som begge er over 70 år, fekk medaljen for sitt store og langvarige samfunnsengasjement. Dei har vore engasjert i kunst, kultur, politikk, bygdekvinnelag, eldrelag, Røde Kors, soknerådet og indremisjon. Alt i tillegg til sine vanlege jobbar.

– Har de betre tid enn andre?

Johanna Nygjerd og Gunnar Nygjerd

VAKRASTE HAGE: Hagen til ekteparet vart kåra til landets vakraste i 2011.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Nei, det har vi ikkje. Men vi er enkle menneske, og mykje av det vi gjer, gjer vi på vår enkle måte. Å vere eit medmenneske er viktig. Du gir og du får. Slik ladar du batteria. Viss du berre skulle yte, ville det kanskje seie stopp, seier Johanna Nygjerd

– Det viktigaste er i og for seg at vi forhåpentlegvis kan tilføre eller gje andre menneske verdiar. Men samstundes har vi heile tida oppdaga at det gjer at vi får store verdiar tilbake, supplerer ektemannen Gunnar Nygjerd.