Hopp til innhold

– Viktig å køyre med fornuft

Store steinar og isblokker har losna frå fjellsidene i fylket i dag. – Det er viktig å køyre med sunn fornuft no, seier Arne Starheim ved Vegmeldingssentralen.

Isblokk i vegen mellom Førde og Naustdal.

Isblokka hamna i vegen på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

NRK-journalist Gro Ravnestad var på reportasjetur til Naustdal då bilen ho køyrde vart treft av ei stor isblokk.

– Eg kom køyrande ut av den siste tunnelen mot Erdalen då ei stor isblokk losna frå fjellsida, seier Ravnestad.

– Vart litt skjelven

Ho prøvde å svinge unna, men isblokka traff bilen.

– Hadde eg kome eit sekund tidlegare, hadde det gått mykje verre. Det hadde ikkje vore noko kjekt, seier Ravnestad.

– Det var litt skummelt. Eg merka eg vart litt skjelven då eg stoppa bilen, seier ho.

Stor stein hamna på gangveg

Også i Vågsøy har det rasa utover vegen. Ein stor stein på nesten 300 kilo ramla ned frå fjellsida og hamna på ein gang- og sykkelsti langst riksveg 617 mellom Måløy og Raudeberg.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Steinras i Vågsøy

Her hamna steinen på riksveg 517 mellom Måløy og Raudeberg.

Foto: Bjarne Eldevik

Steinen dundra over begge køyrebanene på riksvegen og hamna nord for Skåratunnelen.

Det har gått fleire små steinras på strekninga som har hamna i og utanfor køyrebana. Bilistar har meldt ifrå om mykje vatn på den same strekninga.

Det har også gått ras på riksveg 5 ved Grov i Flora kommune. Stein- og isblokker hamna i vegbana, opplyser politiet.

– Køyr med fornuft

Vegmeldingssentralen har ikkje fått melding om dei store is- og steinrasa i fylket i dag, men dei ber bilistane om å vere på vakt.

– Ein bør køyre med fornuft og vurdere om ein faktisk må ut på vegane,. Folk må vere på vakt, for det kan kome ras når som helst, seier Arne Starheim i Statens vegvesen.