Hopp til innhold

– Vi har nervane under kontroll

Førde-jentene har innteke Domus Athletica i Oslo med nerver under kontroll.

Førde-jentene varmar opp.

LURVELEVEN: Volleyballjentene frå Førde varmar opp til eit skikkeleg lurveleven frå tribuna.

Foto: Oddleif Løset / NRK

SISTE: Oslo Volley sikra seg det første settet med 25-22. Det andre settet vann Oslo-damene 25-17.

Volleyballjentene frå Sunnfjord møter Oslo Volley i den første av to cupfinalar med Førde-lag.

Seinare i ettermiddag møter Førde-herrane erkerival Nyborg.

– Det er litt nerver, men eg trur vi har det under kontroll, seier Roy Inge Råheim, trenar for Førde-damene.

Har trena

Fleire busslast med sunnfjordingar, deriblant dei to cupfinalelaga, køyrde over Hemsedalsfjellet fredag.

Begge lag har allereie gjennomførd treningar i finalearenaen.

– Vi stod over morgontreninga i dag, men gjennomførde ei lita økt på 30 minutt saman med herrane. Dei har fått spelt litt ball, jogga, slappa av, ete. Eg trur vi alt i alt er godt budde, seier Råheim og ser jentene varme opp ute på bana.

Må vinne tidleg sett

Råheim trur ikkje jentene let seg påverke av den lange bussturen frå Førde til Oslo.

Mathias Haug, Espen Kirketeig og Roy Inge Råheim.

SPENTE: Lagleiarane Mathias Haug, Espen Kirketeig og Roy Inge Råheim før cufpinalen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det har ikkje noko å bety. Vi kom tidleg ned i går, har sove godt og er vande med lange turar på kampar. Trøndelagskampane er verre enn dette, seier han. Serieleiar Oslo Volley har favorittstempelet før finalen, men Førde vil ikkje sjå seg slått på førehand.

– Men vi må vinne eitt av dei to første setta for å henge med, seier Råheim.

På tribuna vil nær 400 sunnfjordingar gjere sitt for å syte for full pott i finaledebuten. Det er nær halva av kapasiteten på 950 tilskodarar.

– Dette blir kanonbra. Du ser dei andre supporterane vågar ikkje setje seg der dei blå allereie sit, ler Råheim.