Hopp til innhold

– Vi har ikkje vore gode nok for dei yngste

Styrking av lovverket og ei kulturendring er noko av det som må til for at vi skal bli flinkare til å lytte til dei aller minste barna sine behov, meiner helse- og sosialminister Bent Høie.

Bent Høie

MINISTER: Helse- og omsorgsminister Bent Høie talte i Førde torsdag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Måten som vi kan gjere dette på er å styrke lovverket der barna sin rettar blir tydelegare forankra i pasientrettslova, og styrke tenestene til barna slik at barn og unge faktisk møter helsepersonell på eit tidlegare tidspunkt. Og så handlar det om kunnskap, leiing og kultur, seier Høie.

I går vitja han konferansen «Småbarnsdagane» i Førde som set fokus på dei aller minste borna si stemme og korleis fagfolk som jobbar med born lettare kan tolke dei små.

– Meldinga frå barneombodet om barn sitt møte med barne- og ungdomspsykiatrien var ikkje oppløftande lesing. Eg har sagt at dette må barne- og ungdomspsykiatrien ta på alvor, seier Høie.

Høyre dei yngste

Det var i NRK onsdag morgon at barne- og ungdomspsykiatar Hildegunn Knapstad Fauske meinte at samfunnet ikkje høyrer på dei minste borna sine behov fordi vi ikkje har lært å tyde signala til barn som ikkje kan uttrykkje seg munnleg.

– Eg ser at dei minste barna si stemme blir for lite høyrt og lagt merke til i samfunnsdebatten. Andre brukargrupper har stemmer som snakkar for seg, men dei minste barna har ikkje det, seier Knapstad Fauske.

Overlege Hildegunn Knapstad Fauske

OVERLEGE: Barne- og ungdomspsykiater Hildegunn Knapstad Fauske.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ho meiner at vi står i fare for å overidentifisere dei vaksne i ulike saker, og spesielt i saker der dei vaksne har ein konflikt. Dette kan gå utover rettstryggleiken til dei minste i samfunnet vårt.

Skal gjere noko

Helse- og omsorgsminister Bent Høie er samd.

– Vi ser at det ikkje har vore ein god nok tradisjon for at vi på nasjonalt nivå har jobba tett med dette. I morgon skal eg delta på eit møte om den såkalla Ida-saka der tilsynsrapporten avdekka svikt. Og der Ida sjølv seier at hadde ho fått hjelp som barn, og ikkje først som 15-åring, så hadde livet hennar vore annleis.

Ministeren skryt av samarbeidet som er på dette området i Helse Førde.

– Samarbeidet me ser i spesialisthelsetenesta i kommunen og i BUF-etat er eit førebilete for andre. Det er ikkje mange andre regionar som klarer å få til samarbeidet og fellesskapen me ser her, og som speglar seg i denne konferansen.