I går vart fem personar skadde då ein redningsbil med ein bil på lasteplanet kolliderte med eit vogntog. I bilen på lasteplanet sat to personar som også vart skadde då bilen deira velta ned av redningsbilen.
For Trygg Trafikk var det svært overraskande at det no er lov å transportere folk på lasteplanet på eit køyrety.
Katastrofale følgjer
– Det har alltid vore forbode å transportere folk i eit køyrety som står oppå eit anna køyrety, for dersom det skjer ei ulukke kan det få katastrofale følgjer, meiner Ellevset.
Ellevset meiner forskrifta må endrast tilbake til det den var tidlegare, då det var ulovleg å transportere folk på denne måten.
Også i politiet er fleire usikre på om det er lov å transporter folk på lasteplanet på eit køyrety. Ellevset meiner ulukka i går viser at forskrifta må endrast fordi det er langt frå forsvarleg å transportere folk på denne måten.