Hopp til innhold

– Tre er den nye betongen

– Tre kan erstatta stål og betong som byggjemateriale i dei aller fleste tilfelle, men me er langt frå flinke nok til å utnytta potensialet i Norge. Det meiner fleire ekspertar.

Alexander Lien i Massiv Lust

FLEIRE TYPAR: Alexander Lien viser fram fleire av platene Massiv Lust produserer.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Me tenkjer litt slik at «oi, no må me få ut fingeren og koma i gong». Ordrebøkene våre so langt ser ganske fulle ut, seier Alexander Lien, dagleg leiar og ein av gründerane bak bedrifta Massiv Lust i Gaupne.

Dei produserer byggjeplater i massivtre. Dei starta opp i 2011, og har nettopp flytta inn i sin splitter nye produksjonshall på Granden i Gaupne i Luster kommune. Dei skal i alle fall produsera 1500 kubikk i året.

Massivtre kan brukast i alt frå bruer til høghus, og det er også det dei har bygd sin eigen fabrikk av. Som den einaste industrielle produsenten av krysslaminert limtre i landet, merkar dei eit kjempestort press allereie no.

– Det er naudsynt at nokon gjer denne produksjonen, og det er følast godt å gjera noko me meiner er viktig. Det siste me vil sjå er at hogstmoden og verdifull skog rotnar på rot. Det er det ingen som er tent med, og i alle fall ikkje miljøet, seier Lien.

(Artikkelen held fram under biletet)

Produksjon hjå Massiv Lust

GÅR FOR FULLT: Maskinene hjå Massiv Lust går for fullt.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Burde vore tredobla

– Det er mange fordeler med tre som byggjemateriale, seier treteknolog Ola Øyen i konsulentfirmaet Silvinova. Han har forska på skogindustri i ein mannsalder.

– Det er godt for naturen og klima, det er godt for menneska og det er eit industrielt godt materiale som er raskt å bygge med.

Tre, og andre planter for den saks skuld, tek opp CO2 frå lufta og «pustar» ut at oksygen. Dermed bind dei opp CO2, som blir lagra i trevirket.

Tre som byggjemateriale er ikkje berre bra for miljøet, det er også raskt å bygga med.

På Universitetet i Ås har dei nettopp bygd nye studentbustader i sokalla massivtre. Dei åtte-etasjars blokkene blei bygd på fire veker. Med andre material ville det teke fem og ein halv månad.

– Problemet er at me enno ikkje har innsett potensial her til lands. Eg trur om lag 10–15 prosent av materialforbruket er tre. Det burde vore tredobla, seier Øyen.

Politisk satsing på tre

No vil politikarane satsa endå meir på at fleire ting skal byggjast av tre.

trygve slagsvold vedum

LOVAR POLITISK SATSING: Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Me ligg langt fram på vanleg bustadbygging, men i større kontorbygg ligg me litt tilbake, seier landsbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.

– Difor har me no sett av meir pengar til noko som heiter trebasert innovasjonsprogram slik at ein skal kunne støtte prosjekt der ein brukar tre i nye typar bygg. Det er eit veldig bra materiale som gir store arbeidsplassmoglegheiter i Norge, seier han.

– Kor stor er moglegheitene for å nytte og gjere ein industri av dette i Norge?

– Dei er store. Me har veldig gode råvarer i Norge, men me har ikkje hatt tradisjon for den bruken her til lands, det har vore meir småhusbygging, seier Slagsvold Vedum.

Produksjonshallen til Massiv Lust

NY PRODUKSJONSHALL: ... og den er sjølvsagt sett opp med deira eige byggjemateriale.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK