Hopp til innhold

– Tippar Vedum ligg sterkt an no

Frank Aarebrot trur Trygve Slagsvold Vedum vil bli ny Senterpartiet-leiar etter Navarsete. – Bitre hordalendingar og sogningar vil foretrekka ein frå Indre-Austlandet framfor ein trønder.

Frank Aarebrot

KLOKT: Professor Frank Aarebrot meiner det er klokt av Sp å halda ekstraordinært landsmøte.

Foto: Åge Algerøy / NRK

I dag blei det kjent at Senterpartiet tidleg i neste veke vil halda eit krisemøte over telefon, der Liv Signe Navarsete si framtid som leiar skal diskuterast. Etter det NRK erfarer prøver fleire fylkesleiarar og andre sentrale Sp-politikarar å skaffa fleirtal for eit ekstraordinært landsmøte i Senterpartiet.

Professor i samanliknande politikk Frank Aarebrot meiner det er klokt av Senterpartiet å halda eit ekstraordinært landsmøte.

Liv Signe Navarsete

KRITIKK: Senterpartiet-leiar Liv Signe Navarsete har i det siste fått kritikk frå fleire i Senterpartiet, blant anna ordførarar i Nord-Trøndelag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Senterpartiet har vore lamma av den indre diskusjonen sin av valresultatet. Nationen si meiningsmåling frå i går viser at Senterpartiet no har den lågaste lojaliteten av alle politiske parti, og Senterpartiet bruker å ha høg lojalitet blant veljarane sine, seier Aarebrot til NRK.

Klokt å parkera striden

Han meiner det difor er klokt å annonsera eit ekstraordinært landsmøte og opna for ei endring av leiinga.

– Då parkerer ein denne striden. Heile leiarspørsmålet blir då plassert i valkomiteen. Ein får ro om leiarspørsmålet og får moglegheit til å snakka om partiet sin politikk. Så eg trur dette er ei av dei klokase avgjerslene Liv Signe Navarsete har tatt på lang tid, seier professoren.

Trygve Slagsvold Vedum

NY SP-LEIAR? Professor Frank Aarebrot trur nestleiar Trygve Slagsvold Vedum er aktuell som ny SP-leiar.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Kven trur du vil ta over etter Navarsete?

– Det blir tidlegare landbruksminister Vedum som seglar opp som kandidat, seier Frank Aarebrot.

LES OGSÅ:

– Lite truleg at ein trøndar overtar

Han meiner Marit Arnstad er lite aktuell fordi ho kjem frå Trøndelag.

Trøndelag har leia opprøret og det er veldig ofte slik at dei som leiar eit opprør mot ein sitjande leiar blir straffa. Det er mogleg at bitre hordalendingar og sogningar vil føretrekka ein frå Inre-Austlandet framfor å belønna trøndrane med å ha reist opprørsfana, forklarer Aarebrot.