Hopp til innhold

– Det burde ikkje vore renn i dag

Kraftig og ustabil vind sette sitt preg på tredje renn i det tysk-austerrikske Hoppveka. Då rennet vart avrunda med ti hopparar att i finaleomgangen, var rennet allereie over for Anders Fannemel.

Anders Fannemel

SKUFFA: Anders Fannemel var ikkje nøgd med 36. plass i Innsbruck.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Anders Fannemel gjekk frå å vere best i fredagens kvalifisering til ein skuffande 36. plass i Innsbruck laurdag.

Dermed fekk han heller ikkje hoppe i den annullerte finaleomgangen.

– Etter mi meining burde det ikkje vore noko renn. Konkurransen vart ikkje rettferdig. Det vart for mykje vind og for tilfeldig, meiner Fannemel.

– Småpen hopping

Honndølen er allereie på veg til Bischofshofen og søndagens kvalifisering til fjerde og siste renn i Hoppveka når NRK snakkar med han.

Laurdag måtte han ut i duell med formsterke Thomas Morgenstern (Austerrike), men med berre 115,5 meter vart det altså ingen finaleomgang på Fannemel.

– Småpen hopping, men ikkje bra nok. Det vart litt bingo. Over kulen kjendest det veldig tungt, sa Fannemel til NTB etter rennet.

– Eg hadde trua, men fekk det ikkje til og då gjekk det som det gjekk. Det var nok ein kombinasjon av dårleg hopping og vanskelege forhold, legg han til overfor NRK.

Hadde trua

Finnen Anssi Koivuranta leia etter 1. omgang med eit hopp på 132,5 meter. Då finaleomgangen vart annullert, stod han også att som vinnar. Simon Annan (Sveits) og Kamil Stoch (Polen) kom på dei neste plassane.

På ein svart norsk dag vart Anders Bardal (14) og Anders Jacobsen (16) beste nordmenn.

Arne Scheie

KOMMENTATOR: Arne Scheie.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Heller ikkje NRK-kommentator Arne Scheie var imponert over at rennet vart gjennomført.

– I dag er det tilnærma bingoforhold. Hadde det berre vore mykje vind og jamne forhold for hopparane, men her snur det heile tida, sa han.

Håpar på likare forhold

Fannemel har slite med stabiliteten i vinter. Enkelthopp i verdstoppen blir blanda med prestasjonar der Hornindal-hopparen blir tilskodar.

På årets første dag vart han nummer fire i Garmisch-Partenkirchen.

– Eg jobbar med saka, sa Fannemel til NTB. Søndag ventar altså ny kvalifisering, med etterfølgande renn måndag i Bischofshofen.

– Eg håpar det blir meir like forhold der og at det blir ein bra konkurranse, seier han til NRK.no.