Brannvesenet måtte like før klokka 21 tysdag kveld rykke ut etter melding om ein lyngbrann like nedanfor riksveg 5 i området ved Klavelandet i Flora.
Ein bilførar hadde oppdaga at det brann i terrenget, og hadde først forsøkt å sløkke brannen med eit pulverapparat. Då dette ikkje lukkast vart brannvesenet kontakta.
- LES OGSÅ:
Til alt hell fekk brannvesenet raskt kontroll, og det er eit svært lite område som har brunne. Men det kunne raskt gått verre.
– Hadde det til dømes vore eit bustadfelt på nedsida av vegen, og ikkje sjø slik det var her, så kunne det gått verre om det hadde fått teke skikkeleg tak, og om det hadde teke lenger tid før brannvesenet kom til, seier vaktleiar Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.
Ifølgje politiet er det observert folk som stod og røykte på staden like før brannen starta. Politiet har ikkje greidd å kome i kontakt med desse personane, men seier uforsiktig omgang med sneipar kan ha vore årsaka til brannen.
Rysjedal ved Alarmsentralen seier dette viser kor forsiktige folk må vere når det er så tørt som det er no. Både han og operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt ber folk tenkje seg om to gonger før dei kvittar seg med sneipar.
– Ein sneip kan fort antenne og skape ein stor lyngbrann. Det er ikkje mykje som skal til når det er så tørt i terrenget, seier Rysjedal.
Dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, var tidlegare i dag ute og åtvara mot svært stor skogbrannfare i fylket. I tre kommunar er det allereie innført totalforbod mot open eld.
- LES OGSÅ: