Hopp til innhold

Ovegrepet kom som eit sjokk - den katolske kyrkja lovar jenta og familien hjelp

At ein katolsk prest skal ha forgripe seg mot ei 15 år gammel jente i Bergen, kom som eit sjokk på kyrkjelyden.

Arnstein Brodersen

GJEKK TIL POLITIET: Sokneprest Arnstein Bordersen i St. Pauls menighet i Bergen var sjølv med til politiet for å melde overgrepet.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det er ei veldig trist sak som kom som ei fullstendig overrasking og eit sjokk på meg og på alle i kyrkjelyden, seier sokneprest Arnstein Brodersen i St. Paul menighet i Bergen til NRK.no.

Vedgår overgrep

Ein mannleg prest i 30-åra har vedgått at han i sommar skal ha forgripe seg seksuelt mot ei jente i Bergen.

Saka vart i går meldt til Hordaland politidistrikt. Det var kyrkjelyden sjølv som melde overgrepet til politiet.

– Politiet mottok i går kveld ei melding på seksuell omgang med barn under 16 år. Det var ein kyrkjelyd som meldte forholdet. Dei opplyste at ein i deira kyrkjelyd hadde forgripe seg på ei jente på 15 år, opplyser avdelingsleiar Rigmor Isehaug ved Volds- og sedelighetsavdelingen ved Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Politiet hadde tysdag ettermiddag ikkje avhøyrt jenta.

(Artikkelen held fram under videoen.)

En prest i den katolske kirke innrømmer å hatt seksuell omgang med en 15 år gammel jente i Bergen.

Katolsk prest innrømmer overgrep

Fortalte prest om kva som hadde skjedd

15-åringen varsla sjølv om overgrepet.

– Eg fekk vite det for ti dagar sidan. Ho gjekk til ein annan prest som ho kjende og fortalde kva som hadde skjedd, og så fekk han lov til å gå vidare og informere meg og biskopen.

Jenta har fortalt om noko som Brodersen seier dei må sjå på som eit seksuelt overgrep.

St. Pauls kirke

LANGE TRADISJONAR: Den katolske kyrkjelyden i Bergen har St. Pauls kyrkje i sentrum av byen som sitt hovudsete.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

– Det var eg som var med og melde han til politiet, og det var i samråd med jenta og foreldra, seier Brodersen.

Får tilbod om hjelp

Kyrkjelyden i Bergen lovar at kyrkja vil stille opp og støtte jenta og familien.

– Dei har fått tilbod om hjelp, dersom dei treng det. Jenta har og tilbod om å snakke med prest dersom ho skulle ynskje det. Kyrkja sentralt tilbyr òg psykologhjelp dersom det er naudsynt. I den grad ho ynskjer og treng det, skal ho òg få hjelp her lokalt.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Intervju med Bernt Eidsvig, biskop i Oslo katolske bispedømme, i forbindelse med at en katolsk prest i 30-årene har erkjent et seksuelt forhold med en 15 år gammel jente i sommer.

Biskopen om overgrepssaken

Er utanlands

Soknepresten har sjølv ikkje snakka med den aktuelle presten om det som skal ha skjedd.

–Han er i utlandet og er ikkje komen tilbake til Bergen.

– Kor lenge skal forholdet ha pågått?

– Etter det eg har fått høyre, har det pågått i om lag 14 dagar i sommar, kanskje annankvar dag.

Bordersen veit ikkje sikkert korleis 15-åringen og den katolske presten vart kjende.

– Dei har sikkert treft kvarandre i ein eller annan kykjelydssamanheng. Det kan vera ungdomsarbeid eller gudstenester.

Avskilta som prest

Etter at saka vart kjent internt i den katolske kyrkja, har biskop Bernt Eidsvig i Oslo katolske bispedømme - som også omfattar Bergen - fråteke presten hans prestelege rettar.

– Fullmaktene hans er trekt tilbake av biskopen. Det vil seie at han ikkje har lov til å verke som prest i dette bispedømet. Biskopen informerer også andre bispedømer, slik at han ikkje vil kunne bli tilsett som prest nokon annan stad.

Samstundes freistar kyrkjelyden i Bergen å ta innover seg kva som har skjedd.

– Det var ingen som hadde trudd at noko slikt kunne skje. Det er liksom ekstra ille når det er ein katolsk prest som gjer seg skuldig i dette. Han skulle visst betre både i kraft av sine løfter som prest, og i kraft av sin alder.

Nok ei dyster sak for den katolske kyrkja

Overgrepssaka i Bergen kjem som den førebels siste i ei lang rekkje saker der seksualovergrep i den katolske kyrkja har prega overskriftene, verda over.

– Vi har hatt mange vonde saker i den katolske kyrkja dei siste åra frå fleire stader i verda, men eg har ikkje høyrd om nyare saker i Norge før denne i mine ti år som prest i Bergen.

Arnfinn Brodersen beklagar på vegne av den katolske kyrkja.

– Dette er ting som aldri skulle ha skjedd. No må me berre beklage djupt at dei har skjedd, og prøve å rydde opp så godt vi kan. Vi må prøve å hjelpe ho som er råka, og så er det viktig å hindre at han kan gjere noko liknande i framtida.

– Kan det vere andre enn denne 15 år gamle jenta som kan ha vorte utsett for noko?

– Eg har ikkje høyrd noko som skulle tyde på det.

Ifylgje politiet skal bistandsadvokaten no avtale tidspunkt slik at jenta får forklare seg.

– Først etter at jenta har forklart seg kan politiet bestemme korleis saka vert etterforska vidare, seier politioverbetjent Rigmor Isehaug.

Mannen er anmeldt for seksuell omgang med barn under seksten år, og kan straffast med fengsel i inntil seks år dersom han blir funnen skuldig.