Hopp til innhold

– Ordet «eldrebølgja» er nedlatande

Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane har sett seg lei på ordet «eldrebølgja». Dei meiner politikarane diskriminerer dei når dei brukar ordet.

eldre

KRITISKE: Dei eldre likar dårleg at politikarane stadig brukar ordet «eldrebølgje».

Foto: ALBERTO PELLASCHIAR / AP

- Det blir feil å vere kritisk til at det vert fleire eldre, seier Anton Heimestøl.

Vil ikkje vere del av ei «bølgje»

Eit langt liv med hardt gardsarbeid har sett sine spor på den 85 år gamle kroppen. Heimestøl har greidd seg sjølv heilt til for tre månadar sidan. Då fekk han plass på pensjonistheimen i Førde.

Anton Heimestøl

LIKAR IKKJE: Anton Heimestøl (85) i Førde vil ikkje vere del av ei bølgje. Han håpar politikarane finn eit anna ord å bruke.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han likar ikkje at politikarane framstillar han som del av ei «eldrebølgje».

- Ordet eldrebølgje vert meir og meir brukt og det er ikkje heilt rett, seier 85-åringen til NRK.

- Det er nedlatande

Politikarar nyttar hyppig ordet «eldrebølgja» når dei skal seie at det blir fleire eldre i framtida. Heimestøl er ikkje åleine om å ha sett seg lei på det ordet.

Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane meiner ordet er både negativt og nedlatande.

- Det å bruke ordet eldrebølgja på dei eldre no, det synst vi er diskrimerande og utidig, seier Gerd Brekke i Pensjonistforbundet.

Ho meiner ordet skapar eit inntrykk av at eldre berre er ei byrde som kostar den norske stat pengar. Det er heilt feil, meiner Brekke.

- Viss ein byrjar å summere opp er dei eldre heller ein stor ressurs. Dei aller fleste har god helse og klarar seg sjølve, seier Brekke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil slutte bruke det

- Eg har stor sans for det dei gjer uttrykk for, seier Bent Høie.

Høie som er leiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget seier han vil tenkje seg om neste gang han skal snakke om at det stadig vert fleire eldre.

- Eg skal prøve så godt eg kan å unngå det ordet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bent Høie, Høyre

VIL SLUTTE: Bent Høie i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget forstår at dei eldre ikkje likar ordet «eldrebølgje».

Foto: NRK
Tore Hagebakken

SLUTTAR: Tore Hagebakken er blatn helsepolitikarane som vil finne eit anna ord.

Foto: Stortinget

Høgrepolitikaren oppmodar vidare dei 14 andre medlemmane i Helse- og omsorgskomiteen til ikkje å bruke ordet lenger.

Nestleiaren i komiteen, Tore Hagebakken frå Arbeidarpartiet, er ikkje vanskeleg å be.

- Dette ordet er så utbrukt og så feil at vi bør råde kvarandre om å få det vekk ein gong for alle, seier Hagebakken til NRK.no.

- Kutt ut «bølgja»

Pensjonist Anton Heimstøl er glad for velviljen frå dei fremste helsepolitikarane i landet. Men kva ord politikarane skal bruke, det er han ikkje heilt sikker på.

- Det er vanskeleg for meg å finne på noko i farten, seier Heimestøl.

- Kan ein berre seie eldre?

- Ja, nettopp. Det kan vere noko, for dette bølgjegreiene, det likar vi dårleg, seier Heimestøl.

Kva ord synst du kan vere passande å bruke i staden for eldrebølgja? Kom med ditt forslag i kommentarfeltet under.