Paal Tarjei Aasheim gjekk tysdag ut i NRK Kulturnytt og sa at han før ville bruke urdu enn nynorsk i reklame. Å bruke nynorsk har han ikkje eingong tenkt på, seier den profilerte reklameguruen og fjernsynsmannen.
Mislikar nynorsk
Aasheim meiner rett og slett at nynorsk verkar ekskluderande. – Det er så mange bokmålstalande som mislikar nynorsk så sterkt at dei vil skyve frå seg eit produktet det blir reklamert for på nynorsk, seier Aasheim. (Sjå nettoppslaget til NRK Kulturnytt)
Millionar på nynorskreklame
Men dette stiller ikkje Kåre Lerum seg bak. Lerum satsa i fjor 2,5 millionar kroner på ein reklamefilm – på nynorsk. Og konsernet er i gang med å skifte ut etikettar slik at dei fortel kundane kva som er 'innhaldet' snarare enn 'innhold', og så vidare. Nynorsk er rett og slett meir truverdig, meiner Lerum.
Salsauke
Om det heimlege målføret er ei direkte årsak til at Lerum er einaste produsent med ei positiv marknadsutvikling i fjor, vil ikkje Kåre Lerum hevde. Men nynorsken kan neppe ha vore eit skjær i sjøen. – Vi har fått mange gode merknader og ingen negative tilbakemeldingar, seier Lerum.