På same tid som ti kommunar med utgangspunkt i Sunnfjord til Ytre Sogn og Nordfjord har teikna intensjonsavtale om ein storkommune, stranda arbeidet i Nordfjord allereie i startfasen.
Medan Selje, Vågsøy, Eid og Gloppen ville greie ut ei storkommune, nektar Stryn og Hornindal å vere med på slike utgreiingar.
– Det er kanskje det mest komplimentere og interessante vi har, seier Oddvar Flæte om tanken på Nordfjord som ein storkommune.
– Viktigaste er å snakke
Den tidlegare fylkesmannen jobbar no for kommunane i Sunnfjord med kommunereforma. Han oppmodar lokalpolitikarane i Nordfjord om å legge gamle kjepphestar til sides.
I Sunnfjord starta det med fem kommunar. Etter siste møtet melde også ein tiande kommune, Solund, si interesse.
– Kanskje dei burde samla seg og blitt samde om å møtast for å finne visjonen for utvikling av området? Det viktigaste er i grunn at ein torer å snakke saman, seier Flæte.
– Ein perfekt kommune
Etter at «Stornordfjord» stranda, blir det no greidd ut to eller tre kommunar i Nordfjord. Ei med Selje, Vågsøy og Eid. Ei anna med Stryn, Hornindal, Eid og Gloppen. Berre Eid og Gloppen er også ein moglegheit.
Flæte meiner eit samla Nordfjord er ein perfekt kommune.
– Nordfjord er eit fantastisk område i fylket. Dei er gode på næring, på kultur, utdanning, offentlege arbeidsplassar, reiseliv, fiske og landbruk, seier han.
Luftar tanken igjen
Når Nordfjordrådet møtast i dag, luftar Eid Høgre tanken igjen. Høgreordførar Morten Hagen i Vågsøy meiner det som no skjer i Sunnfjord kan vere grunn til å tenkje seg om att.
– Frå vår side så er det opna for å greie ut ein Nordfjordkommune. Vi har sagt at det må vere semje om det i Nordfjord. Det er det ikkje så langt, seier han.
Inst i Nordfjord er ordførar, og partikollega, Sven Flo nøgd med prosessane slik dei står no.
Nøgd stryneordførar
Flo vil ha Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal i ein kommune.
Dei vil ikkje diskutere med kysten.
– Vi meiner ein samanslåing av dei fire kommunane i midtre/indre er ei god løysing. Det vil etter kvart, når både kommunikasjonar og alt fell på plass, bli ein veldig kompakt kommune. Eg trur også at vi klarer å utfylle kvarandre på ein god måte, seier han og legg til at prosessen vidare viser kva sluttproduktet blir.
Bjørlo støttar Flæte
Ikkje uventa støttar ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), Flæte sine tankar.
– Så vil vel mange meine at det er lett for ordføraren i Eid å seie det?
– Nei, eg trur ikkje vi kan vere så redde kvarandre at vi er i mot å få fakta på bordet, fordi vi trur at nokon har skjulte agenda for å ønske det. Det er ingen personlege ambisjonar eller ambisjonar for Eid, men det handlar om å sjå heile regionen sitt beste for framtida, slik dei gjer sør for i Sunnfjord og nord for oss på Sunnmøre.