Hopp til innhold

– HV-soldatane er for dårleg trena

– Eg treng betre heimevernssoldatar og færre høvdingar, seier forsvarssjef Harald Sunde.

Video Frykter at Heimevernet blir rasert
Foto: Nyhetsspiller

Slik forklarar forsvarssjefen forslaget om å leggje ned Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11.

Påverkar ikkje beredskapen

Reaksjonane har vore sterke i både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane etter at det vart kjent at Sunde ønskjer å legge ned HV11.

No lovar forsvarssjefen like mange og betre trena soldatar.

– Det Heimevernet vi har i dag er for dårleg øva, seier Sunde.

– Omlegginga betyr meir trening av heimevernssoldatane, betre oppgåver og betre oppdrag slik at dei kan gjere jobben sin, forklarar forsvarssjefen.

Ikkje færre soldatar

HV11 har i dag hovudbase på Setnesmoen i Rauma. Denne vil bli nedlagd om forsvarssjefen får det som han vil.

Fylkestinga både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har uttrykt frykt for at beredskapen vil bli svekka.

Det avviser Sunde, som lovar like mange ståande soldatar i framtida som i dag, sjølv om dei kanskje blir styrt frå Værnes.

– Vi skal få til eit betre heimevern, men nokre av distriktsstabane må bli mindre slik at vi kan føre meir ressursar inn til trening og bruk av heimevernssoldatar i områdestrukturen, seier Sunde.

Avgjort på nyåret

– HV10 på Skei vart lagt ned, og no råkar omleggingane HV11. Forstår du at folk reagerar?

– Dette er to distriktsstabar som består av nokre offiserar som vert lagde ned. Det som er viktig no er å samordne beredskapsarbeidet på tvers av fylkesgrensene, seier Sunde.

Sunde seier at det vil vere heimevernsstaber og det operative hovudkvarteret som både skal planleggje og koordinerar beredskapsarbeidet på tvers av fylker og kommunar.

Stortinget tek truleg stilling til omstruktureringa i løpet av første halvår 2012.