Politivakta i Florø
Planlegginga av eit nytt politibygg i Florø har fått mange innan politiet til å rynke på nasen. Ikkje minst fordi det vart argumentert med godt eigna lokale den gongen Florø vart valt framfor Sogndal som hovudkontor for politiet i fylket.
– Det er spesielt mange i Sogn som no reagerer, seier Fiske.
For små lokale i Florø
Kjell Ese
Politimeister Kjell Ese meiner lokala til politistasjonen i Florø er for små og lite funksjonelle. Det meiner Dag Fiske også. Men han fryktar at prislappen blir for høg.
Ese seier at utfordringa no er å få ned utgiftene på det nye bygget. Han seier Florø politistasjon treng nye lokale, sjølv om hovudkontoret skulle bli lagt til Førde. Men han seier også at dei då sjølvsagt ikkje treng så stor plass.
– Må leggast på is
Dag Fiske meiner planane bør leggast på is, og at dei bør vurdere å lokalisere kontoret til Førde.
– Eg meiner det er riktig å reise denne debatten på nytt, seier Fiske. Han seier at på fleire område har plasseringa av politihuset i Florø vist seg å fungere dårleg.
– Det er ein del ting som ikkje fungerer, som transport til sentral arrest og at rettsvesenet no er plassert i Førde, seier Fiske. Han trekkjer òg fram samlokaliseringa av naudmeldetenesta.
– Må utsette nybygg i Florø
– Vi meiner det er viktig at ein tenkjer seg godt om og utsett eit eventuelt nybygg i Florø til ei flytting til Førde er vurdert, meiner leiaren for Politiforbundet i fylket.