Hopp til innhold

– Ein bør tenkje seg om når ein omtalar dødsfall

Fylkeslege Per Stensland kan ikkje seie noko om kva som er grunnen til at ei 13-år gammal jente døydde medan ho var i fosterheim. Advokaten til jentas biologiske familie står fast på at dødsfallet skuldast svikt hos barnevernet.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

IKKJE KOPLING: Fylkeslege Per Stensland vil presisere at han ikkje har kopla svikten i Sogn barnevern med dødsfallet til ei ung jente

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Vi har slått fast at barnevernet har gjort sakshandsamingsfeil, men ikkje kopla desse og dødsfallet, skriv fylkeslege Per Stensland i ei pressemelding.

Barnevernet i Sogn fekk skarp kritikk etter at ei 13 år gamal jente vart funnen død.

Ho vart funnen død hos fosterfamilien ho hadde budd hos i to år, og fylkesmannen oppretta tilsynssak. Konklusjonen er at Sogn Barnevern ikkje har følgt opp barnet sine særlege omsorgsbehov i samsvar med forsvarlegkravet i barnevernslova.

Kritikken handlar mellom anna om at det var manglande informasjon mellom barnevernstenesta og fosterfamilie.

Fylkeslege Per Stensland hadde ansvar for tilsynssaka. I dag gjekk han ut i ei pressemelding og tok avstand frå utsegner som har kobla dødsfallet til handsaminga til barnevernet.

Les også: Melder barnevernet etter dødsfall

Louis Anda

STÅR PÅ SITT: Louis Anda står på at han meiner det er ei klar kopling mellom Sogn barnevern sine feil, og det at ei ung jenta døydde.

Foto: Privat

Forsvarar står på sitt

Men advokat for jentas biologiske familie, Louis Anda, står på sitt.

– Foreldra til jenta er av den klare oppfatning at det er svikt hos barnevernet som har ført til at dottera deira døydde, seier Anda.

– Det kom ikkje fram noko i rapporten til fylkeslegen som vi ikkje visste. Alt det som kom fram var kjent for oss allereie. I lag med andre ting som vi veit om svikt i systemet, er det heilt klart for oss at livet til jenta kunne vore redda, seier Anda.

Bør tenkje seg om

Stensland seier at det ville vore heilt unaturleg om fylkesmannen tok stilling til kva som var grunnen til at jenta døydde. Deira jobb er berre å peike på den faglege svikten som har skjedd.

Uavhengig av det vil han oppmode dei som uttaler seg om saka til å tenkje seg om.

– Det er her tale om eit dødsfall, og det er ein stor tragedie for dei involverte. Då bør ein tenkje seg om, og ikkje dra koplingar som det ikkje er grunnlag for.

Louis Anda seier på si side at han kjem til å vere like klar på denne koplinga som han har vore, uavhengig av kva fylkeslegen måtte meine.

– Vi har peikt på konkrete feil som vi meiner har ført til at denne jenta døydde om natta. Ho kunne vore redda om barnevernet ikkje hadde svikta, og det kjem eg til å halde fram med å hevde.

Fornøgd med presiseringa frå fylkeslegen

Rådmann i Sogndal Jostein Aanestad uttalar seg som ansvarleg for Sogn barnevern, og han er ikkje samd med Anda.

– Vi har også gått gjennom rapporten til fylkesmannen, og vi har ikkje funne noko som tyder på ein slik direkte årsakssamanheng som det Anda peiker på. Vi er difor fornøgde med at fylkeslegen i dag er ute og presiserer det, seier Aanestad.