Fire personar mellom 18 og 20 år sette utfor elva Vosso aust for Evanger torsdag kveld. Éin hamna i elva og vart teken av straumen.
Mannskap frå raftingselskapet Voss Active fann mannen i ei elvegrotte etter at han hadde vore sakna i over ein time.
– Skjer i uorganiserte grupper
Henning Hegbom seier at dei som havnar i raftingulukker i Vosso har ein ting til felles:
– Slike ulukker skjer i uorganiserte grupper. Folk som reiser ut på elveopplevingar utan å ha med seg kjentfolk eller skikkeleg sikkerheitsutstyr, seier Hegbom.
– Dette er ein kameratgjeng som er på spontantur med enkelt utstyr. Når det er stor vassføring, som no, er det store utfordringer på denne plassen. Utan innsatsen til raftingsenteret, kunne dette gått skikkeleg gale, seier politiførstebetjenten.
Mangla flytevest
Minst éin av dei fire som sette utfor Vosso i billige gummibåtar skal ha mangla flytevest og hjelm.
– Heilt uforsvarleg, meiner dagleg leiar i Voss Active. Mannskap frå selskapet hans fann mannen i ei elvegrotte.
– Dei fire personane rafta i kvar sin billige gummibåt. Desse hadde dei kjøpt på Europris med føremål å rafta i Vosso. Utstyret stod ikkje heilt i stil med vassføringa i elva, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt.
Tre av dei fire personane skal vera mellom 18 og 20 år. Tre av dei er menn.
– Personen som forsvann var berre iført våtdrakt. Han hadde ikkje flytevest eller hjelm, seier Kronen.
Hegbom opplyser at det no er oppretta sak.
– Dei er ikkje avhøyrd enno, seier politiførstebetjenten.
Vart vaska inn i grotte
Den uheldige raftaren vart funnen i ei elvegrotte av mannskap frå Voss Active. Fem tilsette frå selskapet deltok i søket.
– Guten vart vaska inn i ei kraftig bakevje og inn i ei elvegrotte. Han klatra opp på ein stein og vart sittande inne i grotta. Ho er vanskeleg å koma til, seier dagleg leiar i Voss Active, Frode Solbakk
Mannskapet hans kjenner elva godt og tok seg tidleg bort til grotta.
Han trur ikkje mannen ville ha kome seg ut av grotta utan hjelp.
– Eg er usikker på om han kunne klart å svømma ut frå grotta. Det er ikkje godt å seia kva som kunne ha hendt om han vart sitjande i grotta lenge, seier Solbakk.
Redningsdykkarar frå brannvesenet, hundepatruljar og store politistyrkar deltok i leitinga då politiet fekk meldinga om raftingulukka. 20 og 25 personar deltok i leitinga, anslår Kronen, i tillegg til fire personar frå Voss Active.
Ulukka skjedde like ved Geitlesteigen, om lag to kilometer aust for Evanger sentrum, i retning Voss, opplyser Kronen.
– Heilt uforsvarleg
Solbakk meiner det er uforsvarleg å setja utfor ei elv som Vosso utan rett utstyr.
– Redningsvest og hjelm i tillegg til heildekkjande våtdrakt er obligatorisk i norske elver. Viss det er sant at dei ikkje hadde vest eller hjelm, er det heilt uforsvarleg, seier Solbakk.
Ifølgje leiaren i Voss Active er det lenge sidan det har vore ulukker i elvar på Voss.
– I kommersiell drift har det ikkje vore ulukker i området. Heilt i byrjinga på 90-talet var det ei fatal ulukke som minna om denne. Då omkom to personar i Rendalselva, seier Solbakk.