Hopp til innhold

– Dei tre ungane vil ha med seg far heim att, så då må me ordne opp og få han på plass

DALSFJORDEN (NRK): Leiteaksjonen etter Bjørn Ove Steig (46) held fram i Dalsfjorden i Sunnfjord. Søndag kom rundt 30 personar frå Leikanger for å hjelpe til.

Arne Inge Synnevåg leitar etter svogeren sin

I FAMILIEN: Arne Inge Synnevåg har fått med seg over 30 personar frå Leikanger for å delta i leiteaksjonen etter Bjørn Ove Steig (46), som har vore sakna sidan torsdag.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Ein veit det er fint å komme frå ein mindre plass, når så mange frå lokalsamfunnet stiller opp, seier svoger til den sakna, Arne Inge Synnevåg.

Delte innlegg på Facebook

Leiteaksjonen etter den sakna trebarnsfaren frå Leikanger som torsdag formiddag fall over bord får frå ein fritidsbåt, held fortsatt fram. Etter at Synnevåg skreiv eit innlegg på Facebook der han oppfordra frivillige til å bidra med leiteaksjonen, kom rundt 30 personar frå Leikanger.

Innlegget fekk stor respons og har til no vorte delt av nesten 500 stk. Synnevåg tykkjer det er rørande at så mange i nærmiljøet no har reist til Sunnfjord for å delta i leiteaksjonen.

Leiteaksjonen i Dalsfjorden held fortsatt fram.

HELD FRAM: Mange er med og leitar i Dalsfjorden etter den sakna familiefaren som falt over bord torsdag føremiddag.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg tykkjer det er heilt fantastisk at så mange stiller opp. Både i går og i dag har folk komme hit for å bidra. Ein kjenner verkeleg på støtta, seier han.

Synnevåg som sjølv er aktiv i redningskorpset på Leikanger, håpar på at enda fleire meld seg på leiteaksjonen, slik at dei kan finne den sakna så fort som råd.

– Me håpar sjølvsagt så mange som råd vil bidra, for me veit aldri om me finn han i dag eller om fem dagar.

Kan ta tid

Synnevåg fortel at dei som har komme for å hjelpe til, har vore positive og lagt inn ein stor innsats allereie.

– Folk står på, og klagar ikkje sjølv om det er dårleg ver.

Mange tilreisande frå leikanger har meldt seg på i leiteaksjonen etter den sakna

FRIVILLIGE: Mange av dei frivillige har reist frå leikanger for å være med i leiteaksjonen etter den sakna personen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK


Sjølv om han er forberedt på at det kan ta tid før den sakna dukkar opp, så er Synnevåg klar på at leitinga vil halde fram.

– Fokuset er å finne han, uansett. Så får det berre ta den tida det tar, seier han.

Leitar heile dagen

Innsatsleiar Eivind Antonisen fortel at dei jobbar frå tidleg morgon til langt på kveld med å koordinere dei frivillige.

– Me hadde håpa å finne han i går, og me leita heile dagen. Men då me ikkje gjorde det så er det sterkt at mange har valgt å bli over og fortsette å leite i dag, seier han.

– Er dei frivillige i sorg eller held dei fokuset?

– Alle her er nok i ein form for sorg. Nokon har hatt nærkontakt med den sakna, eller kjenner nokon som kjenner han igjen som gjer at dei vil komme og bistå. Men eg føler alle er fokusert på å gjere jobben dei vert sett til.

Innsatsleiar i brannvesenet, Eivind Antonsen jobbar med å koordinere søksområda.

MYKJE ARBEID: Innsatsleiar Eivind Antonisen i brannvesenet jobbar med å koordinere søksområda.

Foto: Ola Weel Skram / NRK