– Dette er eit «asfaltcowboy-utsegn»» som undergrev den maritime kompetansen og teknologien vi har i Florø og i fylket.
– Vi kan bygge fem batteriferjer som går døgnet rundt med gratis overfart og beverting i 100 år, for prisen av denne brua, seier medlem av samferdsleutvalet i fylket, Stein Malkenes (MGD).
Måndag la Statens vegvesen fram utgreiinga si for ny kyststamveg gjennom Sogn og Fjordane.
I utgreiinga rår vegvesenet at strekninga Haukå-Svelgen i Bremanger bør vere det første byggesteget. Kryssinga av Nordfjorden bør først gjerast via bygging av ei ny ferjestrekning, medan bru bør vente.
I eit radiointervju med NRK måndag ettermiddag kalla ordførar Ola Teigen bygging av ferjeleie for gamaldags. Han ville heller bygge bru med ein gong, og fekk støtte av ordførarkollega Kristin Maurstad i Vågsøy.
Det gjorde Malkenes lite blid.
– Eg tykkjer det er underleg at ordføraren for Fjord1-kommunen Flora seier det er gamaldags å bygge ny ferjestrekning og drive med ferjetransport. Det går ikkje an å omtale den framtidsteknologien som no blir utvikla med batteriferjer, for gamaldags. Det er snakk om å etablere mange arbeidsplassar, og ikkje minst oppdrag til skipsverfta våre.
Han meiner at sidan oljeøkonomien snart er over, har ikkje Norge råd til å bygge fleire gigantbruer.
– Vi kan bygge fem batteriferjer som går døgnet rundt med gratis overfart og beverting i 100 år, for prisen av denne brua, hevdar Malkenes.
Bru sparar tid
Ordførar Ola Teigen seier han ikkje rakkar ned på ferjenæringa.
– Når eg seier «gamaldags» så viser eg til opplevinga til dei som reiser dagleg. Dei opplev at ferje går mykje seinare enn kva ei bruløysing vil gjere. Når det gjeld økonomi, så seier overslag at vi kan hauste kanskje 1,5 milliardar kroner i ferjeavløysingsmidlar. Sidan ferjetraseén er kostnadsrekna til 1,2 milliardar, har vi totalt 2,5 milliardar vi kan bygge bru for. Slik sett blir ikkje bru spesielt dyrare enn ferje, svarar Teigen.
Ordførarar positive
Både Teigen og ordførarkollega Kristin Maurstad i Vågsøy var positive til utgreiinga då Statens vegvesen la den fram måndag ettermiddag.
– Dette er heilt i tråd med det Vågsøy har peika på. Vi tykkjer dette er fornuftig. Men eg legg merke til at vegvesenet først legg opp til ferje og så bru. Det er dyrt med ferjekai og vi vil at det skal byggast bru med ein gong, sa Maurstad.
Ordførar Audun Åge Røys i Bremanger meiner vegvesenet la fram ein framtidsretta løysing, men også han reagerte på ny ferjestrekning over Tangane.
– Eg meiner det er meir framtidsretta med ei bru, sa Røys.