Hopp til innhold

– Alle katteeigarar bør ha kattedør

– Lat katten bestemme sjølv om den vil ut eller inn, seier veterinæren. Mange tar ikkje godt nok omsyn til dyra.

Den populære katten Nala

WINTER IS COMING: Kattane må få velje sjølve om dei vil vere ute om vinteren, meiner veterinæren.

Foto: Alexander Fredriksen / NRK

«– Har delt dette! Dette er så VIKTIG!!!» skriv ei engasjert dame i eit kommentarfelt på eitt av innlegga på sosiale medium som oppmodar folk om å ta vare på husdyra no som det vert kaldare.

Eitt av innlegga er delt nærmare 17 000 gonger. Det består av eit bilete som minner folk på at kattar opphavleg kjem frå sydlegare strøk, og at dei difor også frys om vinteren.

Dei som er ekspertar på dyr er samde om at dyra treng ekstra omsyn når det blir kaldt.

Kattepine

VISER TIL FROSTSKADAR: Dette innlegget har blitt delt nesten 17 000 gonger.

Foto: Faksimile / Facebook

– Kattedør er ei glimrande oppfinning

Terje Negard er veterinær hjå veterinærkontoret i Førde. Han har ei enkel oppmoding.

– Mat- og energitilgang er eit krav, enten i form av varmehus eller noko så enkelt som ei kattedør som er ei glimrande oppfinning. Den gjev katten følelsen av at han bestemmer sjølv, og det er jo noko alle kattar gjerne vil.

Han seier at dei fleste kattar klarar seg fint i kulda, men at folk må tenkje seg om.

– Det finst mange påstandar og hardnakka meiningar om kva ein skal og ikkje skal gjere. Kattane kan nok fryse litt på øyre og potar, men då gjeld det berre å bruke litt godt gamaldags «bondevett». Ikkje tving katten ut.

Les også: Katt gjekk rundt med to luftgeværkuler i hovudet

Denne katten ble satt igjen på Oslo Lufthavn

MÅ HA MOGLEGHEITA: Alle kattar må kunne reise inn når dei frys.

Foto: Fouad Acharki / NRK

Viktig for katten si velferd

– Viss katten har normalt bra med pels kan den heilt fint vere ute om vinteren, så lenge han har moglegheit til å varme seg. Og på den andre sida er det klart at ein gamal og stiv katt trivst betre inne i varmen, seier Negard.

Linn Krogstad hjå Dyrebeskyttelsen er samd med veterinæren.

– Det er viktig for katten si velferd å bli sleppe ut om vinteren, seier ho.

Ho meiner i likskap med veterinæren at kattedør er det luraste.

– Det er absolutt ikkje alle som har kattedør, og det er der problemet ligg. Det viktigaste er å sørge for at katten har ein heim å kome til når han er kald.

Difor bør katteeigarar tenkje seg om to gonger før dei slepp katten ut før dei drar på jobb.

– Utan kattedør bør ikkje katten sleppast ut på dagtid om vinteren, seier ho.

Les også: Berga katt frå motorrom