Hopp til innhold

91 vegar får ny asfalt i år

Om oljeprisen held seg låg og entrepenørane leverer gode anbod.

Dårleg vegstandard

DÅRLEG: Det er mange meter med asfalt som skal leggjast i løpet av 2011.

Foto: Guillermo Farias / NRK

- Vi har som mål å få nytt dekke på 91 vegstrekningar i løpet av 2011. Men om vi klarar det er avhengig av mellom anna oljeprisane, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Sogn og Fjordane Nils Magne Slinde.

SJÅ OVERSIKTA LENGER NEDE I SAKA!

91 vegar

Nils Magne Slinde

KLAR MED ASFALT: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Nils Magne Slinde, er klar med millionar til dekkjelegging i fylket.

Foto: NRK

Dei 91 utvalgde strekningane er valde ut på bakgrunn av undersøkjingar vegvesenet har gjort. Dei vurderer korleis asfalten er på vegane med ein registreringsbil.

Denne informasjonen vert deretter sendt til ein database for å få den beste oversikta over vegane. Så blir denne informasjonen kopla med informasjon om kor mange bilar som ferdast på dei ulike vegane.

- Ikkje graverande dårlege vegar

- Dette arbeidet gjer vi gjennom året, og vi har då eit godt utgangspunkt for å gjere dei rette vurderingane for kvar vi skal leggje asfalt, seier Slinde.

Vegsjefen meiner standaren på asfalten på vegane våre i Sogn og Fjordane ikkje er graverande dårleg, men seier det er viktig å halde fortløpande vedlikehald.

Vegvesenet brukar fleire titals millionar kvart år på asfalteringa, men kor mykje vil ikkje Slinde ut med.

Brukar titals millionar

- Det har noko med anbodsrunden å gjere. Men det går med ein del millionar kroner ja.

Det er oljeprisen og prisane frå asfaltentrepenørane som avgjer kor mange millionar det vil koste.

- Det er ein ettertrakta jobb for entrepenørane å asfaltere. Men det er vi som betale for om oljen går opp eller ned i pris. Dermed er det med på å avgje kor mange strekke vi får lagt ny asfalt på, forklarar Slinde.

Byrjar arbeidet i mai

Vegvesenet har kvar månad ein rapport som syner korleis prisen på oljen er, slik at dei kan justere sine mål og budsjett utifrå dette.

Og den flunkande nye asfalten vert lagt i tidsrommet mai til september.

Her oversikta over europavegar og riksvegar som får ny asfalt i 2011:

E 16 Smedalsvatnet - Brusestølen I Lærdal skal dekkeleggast 200 meter
E 16 Maristova - Borlaug i Lærdal skal dekkeleggast 2000 meter
E 16 Saltkjelen - Ljøsne i lærdal skal dekkeleggast 3040 meter
E 16 Flåm - Flenja tnl. Aust i Aurland skal dekkeleggast 210 meter

E 16 Flenja tnl. i Aurland skal dekkeleggast 600 meter


E 39 Instefjord - Oppedal ferjekai i Gulen skal dekkeleggast 1570 meter
E 39 Aven - Torvund i Høyanger skal dekkeleggast 3800 meter
E 39 Vassenden - Ålhus i Jølster skal dekkeleggast 7820 meter
E 39 Klakegg - Våtedalen bru i Jølster skal dekkeleggast 2030 meter
E 39 Egge bru - Strand bru i Gloppen skal dekkeleggast 2440 meter
E 39 Bergheim - Byrkjelo i Gloppen skal dekkeleggast 1860 meter
E 39 Skipenes bru - Nordfjordeid i Eid skal dekkeleggast 630 meter
E 39 Eid krk. - Krossen i Eid skal dekkeleggast 700 meter
E 39 Stigedalen i Eid skal dekkeleggast 500 meter


R 5 Kaupangerskogen - Kjørnes i Sogndal skal dekkeleggast 1130 meter
R 5 Kletten tunnel i Førde skal dekkeleggast 340 meter
R 5 Erdal - Klopstad i Førde skal dekkeleggast 2545 meter
R 5 Naustdal tnl. - Svarthumle i Naustdal skal dekkeleggast 1700 meter
R 5 Grov - Grønevik i Flora skal dekkeleggast 4020 meter
R 5 Ragnarud - Florø i Flora skal dekkeleggast 2340 meter
R 5 Kaupangersenter i Sogndal skal dekkeleggast 440 meter


R 15 Stryn aust - Stryn vest i Stryn skal dekkeleggast 1285 meter
R 15 Kjøspollen - Skrede i Hornindal skal dekkeleggast 200 meter
R 15 Haugen - Stårheim i Eid skal dekkeleggast 6950 meter
R 15 Deknepollen - Måløybrua i vågsøy skal dekkeleggast 960 meter
R 15 Breistølen - Borlaug i Lærdal skal dekkeleggast 5470 meter

R 55 Hermansverk - Leikanger i Leikanger skal dekkeleggast 1734 meter
Tilsaman er det 56514 meter som skal dekkeleggast

Her oversikta over fylkesvegar som får ny asfalt i 2011:

F 1 Instefjord tunnel i Gulen Her oversikta over europavegar og riksvegar som får ny asfalt i 2011:

F1 Instefjord tunnel i Gulen skal dekkeleggast 690 meter

F 1 Haugland tunnel i Gulen skal dekkeleggast 860 meter
F 1 Takle - Rutledal i Gulen skal dekkeleggast 8680 meter

F 2 Brekke - Ynnesdal i Gulen skal dekkeleggast 4890 meter
F 2 Ynnesdal - Hordaland gr.i Gulen skal dekkeleggast 4700 meter

F 4 Eidsbotn - Sellevol i Gulen skal dekkeleggast 2120 meter
F 8 Svartemyr - Bjordal i Høyanger skal dekkeleggast 2520 meter
F 8 Ikjefjord bru - Østerbø i Høyanger skal dekkeleggast 4200 meter

F 50 Vassbygda - Nyheim i Aurland skal dekkeleggast 890 meter

F 53 Holsbru - Jåteli i Årdal skal dekkeleggast 3100 meter

F 55 Skjolden - Gullringen i Luster skal dekkeleggast 1840 meter
F 55 Kvernhaug tunnel i Høyanger skal dekkeleggast 2223 meter
F 55 Vadheim tunnel - Vadheim i Høyanger skal dekkeleggast 570 meter

F 57 Dalsbygda - Øveråshøgda i Hyllestad skal dekkeleggast 2645 meter
F 57 Skor - Nautsund i Hyllestad skal dekkeleggast 3800 meter
F 57 Rennestraum - Flekke i Fjaler skal dekkeleggast 1020 meter
F 57 Nishammar tunnel 1 i Fjaler skal dekkeleggast 2 310 meter
F 57 Osen - Bygstad sag i Gaular skal dekkeleggast 600 meter

F 92 Fridalsvatnet - Blombakk tnl. i Høynager skal dekkeleggast 5600 meter
F 92 Bjordal tnl. - Søreide tnl.i Høyanger skal dekkeleggast 4775 meter
F 92 Framfjorden i Vik skal dekkeleggast 700 meter
F 92 Framfjorden - Limmesand i Vik skal dekkeleggast 3600 meter

F 93 Engen - Boge i Fjaler skal dekkeleggast 2070 meter

F 185 Njøs - Holeskar i Leikanger skal dekkeleggast 850 meter

F 211 Bjelde - Ormalseng i Sogndal skal dekkeleggast 2890 meter

F 271 Voll bru - Hauge i Lærdal skal dekkeleggast 4315 meter

F 301 Rallaren - Utladalen i Årdal skal dekkeleggast 1000 meter

F 303 Årdalstangen sentrum i Årdal skal dekkeleggast 620 meter

F 331 Sørheim - Kroken i Luster skal dekkeleggast 4700 meter

F 339 Geitaneset - Ugulen i Luster skal dekkeleggast 3910 meter

F 364 Gjervik - Herland i Askvoll skal dekkeleggast 2900 meter

F 451 Vassenden - Strand i Jølster skal dekkeleggast 1960 meter
F 451 Sandal - Kjøsnes i Jølster skal dekkeleggast 6700 meter

F 453 Klakegg - Fonn i Jølster skal dekkeleggast 3650 meter

F 454 Ålhus rundt i Jølster skal dekkeleggast 2100 meter

F 481 Tjønneland - Botnen i Jølster skal dekkeleggast 4535 meter

F 511 Hove - Øydebust i Naustdal skal dekkeleggast 3335 meter
F 511 Hove bru - Indrekvam bru i Naustdal skal dekkeleggast 900 meter

F 512 Nyheim - Nes i Naustdal skal dekkeleggast 5800 meter

F 541 Sunnarvik - Osen i Flora skal dekkeleggast 6800 meter

F 542 Kvalvik - Høydal i Flora skal dekkeleggast 850 meter

F 545 Florø rundt i Flora skal dekkeleggast 2370 meter

F 572 Svelgen - Sande i Bremanger skal dekkeleggast 930 meter

F 604 Gaupne - Alsmo i Luster skal dekkeleggast 2450 meter
F 604 Fossøy - Sperle i Luster skal dekkeleggast 1050 meter

F 607 Lavik - Leirvik i Høyanger skal dekkeleggast 6150 meter
F 607 Ramsgrø - Hellevik i Hyllestad skal dekkeleggast 2720 meter

F 608 Askvoll sentrum i Askvoll skal dekkeleggast 280 meter

F 609 Eikenes - Søreide i Askvoll skal dekkeleggast 11 565 meter
F 609 Skorva tunnel i Askvoll skal dekkeleggast 490 meter

F 614 Svelgen - Sørdalsvatn i Bremanger skal dekkeleggast 2650 meter
F 614 v/Isane ferjekai i Bremanger skal dekkeleggast 525 meter

F 616 Davik - Endal i Bremanger skal dekkeleggast 3100 meter
F 616 Førde - Smørhamn i Bremanger skal dekkeleggast 1750 meter

F 617 Måløy - Raudeberg i Vågsøy skal dekkeleggast 1600 meter

F 620 Einerhaug - Sandvik i Selje skal dekkeleggast 2700 meter

F 621 Vågsvåg - Oppedal i Vågsøy skal dekkeleggast 1100 meter

F 633 Dragesvingen - Ferstad i Selje skal dekkeleggast 5450 meter
F 633 Leikanger sentrum i Leikanger skal dekkeleggast 330 meter

F 662 Sætre - Torheim i Eid skal dekkeleggast 3750 meter

F 696 Vassenden - Ryssdal i Gloppen skal dekkeleggast 1600 meter

F 700 Sandane - Andenes i Gloppen skal dekkeleggast 500 meter

F 725 Utvik - Moldereim i Stryn skal dekkeleggast 4700 meter

F 726 Ytrehorn - Gausemel i Hornindal skal dekkeleggast 1080 meter

Tilsaman er det 179058 meter som skal dekkeleggast