Hopp til innhold

77 år gammel kvinne påkjøyrd i gangfelt

Sjåføren på den litauisk semitraileren blir avhøyrd av politiet i Etne.

Ulykke Etne

En 77 år gammel kvinne fikk alvorlige skader da hun ble påkjørt i Etne sentrum torsdag.

Foto: Kari Aakre/Avisa Grannar

Ulykka skjedde kl 12.00 på E134 i Etne Sentrum.

Påkjøyrd i gangfelt

– Kvinna er hardt skadd. Ho er henta i luftambulanse og frakta til Universitetssjukehuset i Stavanger, opplyser operasjonsleiar Terje Tonning ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til NRK.no.

Ulykka skjedde i eit gangfelt midt i Etne Sentrum, like ved Saltnes Bakeri.

Den 77 år gamle kvinnen var fotgjenger. En litauisk trailer er involvert i ulykken. Ifølge hans forklaring er hendelsesforløpet noe uklart.

Klokka 16.40 opplys sjukehuset at kvinna har fått brudd og hodeskader. Skadane er alvorlege og tilstanden er stabil.

Har forklart seg

– Sjåføren på ulykkesbilen har forklart at han såg at ei kvinne sto ved veien. Han har inga forklaring på korleis ho kom til skade då han kjøyrde forbi, opplyser politiet.

Politiet har bedt om assistanse fra Vegvesenet til å etterforske saka.

– Dei er no på staden og gjer undersøkingar. Dei måler opp for å finna ut kva hastighet kjøyretøyet hadde då ulukka skjedde, seier han klokka 15.45.

Politiet har henta inn ein tolk for å få tatt avhøyr av sjåføren.

Ulykkesbelasta strekning

Trafikken på E134 gjennom Etne sentrum har i fleire tiår vore ei stor belastning for bygda.

Dei mjuke trafikantane har kryssa vegen med stor risiko og for nokre år sidan vart ei ung jente overkøyrd og drepen.

Dette resulterte i ein aksjon som heldt fleire folkemøte, og Vegvesenet sette inn nokre midlertidige tiltak mellom anna reduserte dei fartsgrensa til 40 km/t på staden.

Kan verta lagt utanfor sentrum

Dei siste åra har der vore sterk trafikkvekst på E134 og det nye Etne Senter like ved Europavegen medfører og trafikkvekst.

No er planen å leggja den framtidige vegen utanom sentrum , men dette arbeidet er berre på planleggingsstadiet.