Hopp til innhold

35 misser jobben ved Florø-verftet

STX-verftet i Florø treng ny kontrakt før sommaren for å unngå ytterlegare oppseiingar.

Skipsverftet STX Norway i Florø
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Måndag vart dei tilsette ved verftet informerte om at 35 av dei faste tilsette blir oppsagde.

To norske verft, STX Florø og Bergen Group, klarer ikke å konkurrere med spanjolane om ein tankkontrakt til 1,6 milliardar kroner.

Kritisk fase for verfet

Administrerande direktør, Kjetil Bollestad, seier til Firdaposten at verftet er i ein kritisk fase, og at dei bør ha klar ein ny kontrakt før sommaren for å unngå ytterlegare oppseiingar.

- Oppseiingane blir gjort for å styrke verftet i ei vanskeleg tid, og sikre at vi har rett kompetanse vidare, seier han.

Håpar på ny kontrakt

Bollestad har håp om at dei skal greie å få kontrakt på ein ny juicetankar. Siste kjemikalietankar skal etter dagens rute leverast våren 2010. To båtar til skal byggjast, i tillegg til den som ligg til opprusting ved kaia i dag.

- Dette er leitt og vanskeleg for dei som misser jobben. Men dette dreier seg først og fremst om å komme oss gjennom krisa som har ramma heile verda og gje verftet den fleksibiliteten som må til, seier han.